Gå til hovedinnhold

Har fått fleire svar om sjømat og helse


emil41584582

FINS-prosjektet er tverrfagleg, og det har involvert studiar på mennesket heilt frå fosterstadiet, via spedbarn, barnehagebarn, skuleungdom og vaksne. Foto: Emil Breistein

Over fire års forsking, 70 millionar kroner og om lag 45 planlagde vitskaplege artiklar prøver å finne svaret på kva effekt fisk og sjømat har på helsa. Prosjektet Fish Intervention Studies (FINS) går mot slutten, og resultata byrjar å tikke inn.

–Vi har fått på plass mange brikker i det store puslespelet som er forsking på sjømat og kva effektar sjømat har på helsa. Skal vi vere trygge på resultata av forskinga er det viktig å ha mange studiar, og her har vi fått fram mange vitskaplege artiklar. Vi har også sett på problemstillingane frå eit uttal vinklar. Det seier Jannike Øyen, forskar ved NIFES og prosjektleiar for FINS.

FINS-prosjektet er svært breitt lagt opp, og det har involvert studiar på mennesket heilt frå fosterstadiet, via spedbarn, barnehagebarn, skuleungdom og vaksne. I tillegg har det blitt forska på cellekulturar og på gnagarar. Prosjektet er tverrfagleg og det er delt inn i to dei to hovudtemaa fysisk og mental helse. Forskarane har fokusert på utfordringar knytt til livsstil, slik som diabetes, overvekt og mental utvikling.

Dokumenterer effektane av sjømat

Gjennom dei ulike forskingsprosjekta i FINS har ein søkt å dokumentere effektane av det som ein faktisk et i eit fiskemåltid, og ikkje berre enkeltstoff som omega-3, jod eller vitamin D. Ein har også involvert alle dei viktige artane slik at ein har fått analysert både på feite og magre fiskeslag. Kjell Morten Stormark frå Uni Research og RKBU Vest har leia den delen av programmet som går på mental helse.

–Sjølve omfanget av prosjektet gjer at vi har fått eit unikt innblikk i effektane som fisk og sjømat kan ha på mental helse. Vi er opptekne av å omsetje denne kunnskapen til praksis. Vi vil få fram kunnskap om kva kosthaldet til barn, unge og familiar har å seie for utviklinga av psykisk helse og kognitiv utvikling. Om dette gjer at vi kan førebygge så er det så mykje betre enn å behandle, seier Stormark.

Ei av dei største satsingane i Noreg

FINS-prosjektet starta i 2013, og med eit budsjett på 70 millionar kroner er det ei av dei største satsingane på forsking rundt sjømat og helse i Noreg. Til no har det blitt publisert om lag 15 vitskaplege artiklar, og til saman vil det kome om lag 45 slike artiklar ut av prosjektet. Resultata frå prosjektet vil kunne vere med på å legge grunnlaget for dei neste kostanbefalingane, slik at ein i større grad kan anbefale matvarer heller enn næringsstoff.

Gunnar Mellgren frå Universitetet i Bergen har leia FINS-forskinga rundt overvekt og diabetes. Han framhevar at FINS-prosjektet har brakt ernæringsforskarar frå ulike leirar saman.

–Gjennom FINS har ein både fått fram viktig vitskap og bygd opp kompetansen. Prosjektet har dessutan vore viktig for samarbeidet mellom psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen, Uni Research, NIFES og dei mange andre bidragsytarane. Møteplassane som FINS har organisert har gjort at vi har kome nærmare kvarandre og vi forstår betre korleis vi kan satse i fellesskap på ernæringsforsking, seier han.