Hopp til hovedteksten
Mus i laboratorium
Utskriftsvennlig versjon

Proteinkjelda bestemmer utvikling av fedme

Kristin Røen Fauske disputerer fredag 26. oktober 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Nutritional properties of protein sources on diet-induced obesity, hepatic lipid accumulation, and fatty acid composition in mice». 

Fedme aukar globalt, og er forbundet med risiko for å utvikle sjukdommar og tidleg død. Fedme kan førebyggast med kosthald, og i den samanheng har eit kosthald med høgt innhald av protein vist seg å være gunstig. Det er mindre kjent korleis ulike proteinkjelder påverkar førebygging av fedme, og formålet for studien var derfor å undersøkje evna ulike proteinkjelder kan ha til å førebygge fedme ved å bruke mus som modelldyr. I studien fekk mus forskjellige proteinkjelder som hadde både høgt og normalt innhald av protein.
 
Studien viste at mjølkeproteinet kasein var den einaste proteinkjelda som fullstendig kunne førebygge fedme i ein høgproteindiett. Mus som fekk kasein hadde høgt utrykk av brunt fett, som kan bidra med å førebygge fedme. Vidare viste studien at mus som fekk soya eller torsk som proteinkjelde i en høgproteindiett, hadde mindre utvikling av fedme enn mus som fekk proteinkjelder frå biff, kylling eller magert svin, som viste seg å være meir fedme-fremmande i ein høgproteindiett.
 
I doktorgradsarbeidet undersøkte Fauske også ein fedme-fremmande diett med normalt proteininnhald. Musene fekk då torsk eller magert svin som proteinkjelde. Resultata viste at torsk som proteinkjelde både førebygga fedme og reduserte energiinntaket hjå musene. Den vetle mengda omega-3 frå torsk hadde stor kapasitet til å auke omega-3-nivået i blodet hos musene, som kan gje ei rekkje positive helseeffektar. Magert svin som proteinkjelde i denne type diett viste seg å ikkje ha nokon førebyggande effekt på fedme.
 
Studien undersøkte vidare om fryst eller fersk torsk har ulik kapasitet til å førebygge fedme. Musene fekk dermed fryst eller fersk torsk som proteinkjelder i ein fedme-fremmande diett med normalt proteininnhald. Studien viste at mus som fekk fryst torsk hadde mindre auke i fedme, enn mus som fekk fersk torsk som proteinkjelde.
 
Avhandlinga konkluderer med at langtidseksponering av ulike proteinkjelder har stor kapasitet til å bestemma utvikling av fedme.

Tid/stad

Prøveforelesing: 26. oktober 2018 klokka 10:15 i møterom Sildetønnen, Nordnesboder 4, Havforskningsinstituttet. 
Oppgitt emne: “The role of Branched Chain Amino Acids (BCAAs) in human health and disease.”
 
Disputas: 26. oktober 2018 klokka 12:15 same stad.

Personalia

Kristin Fauske
Kristin Røen Fauske er født i 1987 og oppvaksen på Voss. Ho har ein mastergrad i human ernæring (2013) frå UiB. Doktorgradsarbeidet vart utført som stipendiat ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) som no er ein del av Havforskingsinstituttet (HI), i samarbeid med Institutt for biomedisin.
 
Hovudrettleiar var professor Lise Madsen, og dr. scient. Bjørn Liaset og professor Livar Frøyland var medrettleiarar.

Kontakt

Kristin Røen Fauske / e-post: kristinroen@hotmail.com / tlf: 476 44 168