Det vert industrielt slakta svært store kvanta oppdrettsfisk i Norge, noko som er ei utfordring både med omsyn til dyrevelferd og matkvalitet. Ofte er det slik at god dyrevelferd også gir god matkvalitet, målemetodar blir difor viktig for å kunne dokumentere og forbetre produksjonen.
Avhandlinga har eit særleg fokus mot den automatiserte slaktelina før fisken blir prosessert, det vil seie før, under og etter at fisken er bedøvd. Lover og reglar som gjeld på eit fiskeslakteri er mykje godt dei same som for andre meir tradisjonelle slakteri, fisken skal difor være bedøvd før bløgging. I industrien vert både elektrobedøving og slag mot fiskens hjerne brukt som bedøvingsmetodar. Etter at fisken er bedøvd, vert den bløgga slik at den blør ut. Det er viktig at den forblir medvitslaus til den har blødd fullstendig ut. For å verifisere dette måler ein hjarte- og hjerneaktivitet.
Arbeidet i avhandlinga viser at laks toler meir levandekjøling før bedøving enn tidlegare antatt. Avhandlinga viser også at kjøling sikrar at fisken forblir medvitslaus under utbløding.
Avhandlinga bidreg til å auke forståinga av og redusere skader ved elektrobedøving. Resultata kan òg ha relevans for elektrosjokk brukt i andre samanhengar. Dei publiserte resultata viser at visuell observasjon ikkje er tilstrekkeleg for å fastslå at laks er medvitslaus i slakteprosessen. Arbeid frå denne avhandlinga, særleg i høve elektrobedøving, bidreg til å optimalisere dei automatiserte slakteprosedyrane for oppdrettsfisk. Det er no implementert i Mattilsynet sine anbefalingar i høve fiskevelferd ved slakting av akvakulturdyr.
Disputas: Klokka 12:15 den 28. april 2016 i Stort auditorium, Institutt for biologi, UiB.
Endre Grimsbø.
Foto: Jan Kåre WilhelmsemPersonalia
Endre Grimsbø er utdanna ingeniør frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har ein mastergrad i fysikk, industriell instrumentering frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for biologi. Grimsbø si stipendiatstilling i industriell biologi var knytt til industriprosjektet ”Welfare of Farmed Fish from Harvest to Killing - Meeting the Future Challenge (Farewell)”. Hovudrettleiar har vore professor Ragnar Nortvedt med professor Erling Hammer og seniorforskar Anders Mangor Jensen som birettleiarar.