Gå til hovedinnhold

Fleire hundre tusen tonn sild og makrell går truleg til spille i fiskeriet


Makrell og sild

Utan den uregistrerte fiskedøden kunne kvotane vore 10–20 prosent høgare, viser ny forsking.

Det er konklusjonen i ein ny vitskapleg artikkel. Der har havforskarane sett på andre studiar av uregistrert fiskedød for sild og makrell i Nordaust-Atlanteren. Deretter har dei undersøkt konsekvensane det har for bestandsovervaking og kvoteråd.

Tre ting kan føre til uregistrert fiskedød: 

  • utkast
  • å sleppe ut fisken frå nota
  • at nota sprenger

– Utkast vil seie å hive fangst på sjøen. Å sleppe ut fisken er å opne nota etter at den er snurpa i hop. Dersom dette blir gjort feil, vil mykje av fisken døy av stress, trengsel og skjeltap. Det same skjer dersom fangsten er for stor og sprenger nota, forklarer havforskar Maria Tenningen.

Kan føre til «feil» kvote

– Hovudutfordringa med denne typen fiskedød er at når fisken aldri blir landa, blir den heller aldri registrert. Dermed går han under radaren når vi forskarar skal berekne kor store fiskebestandane er, seier ho.

Dette kan føre til at kvotane blir sett på feil grunnlag. Fisket kan då bli anten mindre berekraftig eller mindre lønsamt.

Hiver pengar på havet

– For dei store makrell- og sildebestandane er det snakk om betydelege ressursar som går til spille, fortset Tenningen.

Forskarane har gått gjennom andre studiar som forsøker å måle kor mykje fisk som går tapt. Dei kjem fram til eit stort spenn, men uansett monalege mengder fisk som heller kunne bidrege til 10–20 prosent høgare fiskekvotar.

– Her hiver vi bokstavleg talt verdiar på havet. Samfunnet kan gå glipp av eit fiske på mellom 50 og 200 tusen tonn i året, avhengig av art og dødelegheitsscenario. Det har førstehandsverdi på opptil 341 millionar euro for makrell og 55 millionar euro for sild, basert på 2019-prisar, seier forskaren.

foto av forsker Maria Tenningen som står i styrhuset på et skip og ser på sonar-bildene.
Havforskar Maria Tenningen følgjer med på sonaren i eit anna forsøk. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Anslaga er usikre

Ho presiserer at anslaga er veldig usikre. Det er fordi vi veit lite om kor mykje fanga fisk som faktisk går tilbake til sjøen. Det er truleg store mørketal. I neste ledd må forskarane anslå kor mykje av den fisken igjen som står i fare for å døy.

– Vi treng betre registrering og meir forsking for å gjere anslaga meir realistiske, seier Tenningen.

Men kva er motivasjonen bak det å ikkje lande fisken?

– Ingen ønsker sprengde nøter

Når det gjeld utkast eller det å sleppe ut fisken, så kan det skuldast at fiskaren fekk store innslag av feil art. Det kan også vere at fiskaren fanga fisk av ein storleik som gir dårlegare betalt.

Då vil fiskaren «spare» kvota si til meir verdifulle individ.

– Når fisken sprenger nota, er det fordi fangsten blei større enn berekna. Dette er det eigentleg ingen fiskarar som ønsker, men det skjer innimellom på grunn av anten uflaks eller dårlege vurderingar, seier Tenningen.

Ifølge forskarane sine berekningar er det slipping av fisk og sprengde nøter som står for størsteparten av daud sild og makrell. Utkast er ikkje eit like stort problem i desse fiskeria.

Teknologi og metodar kan vere løysinga

– Kva kan gjerast for å få bukt med problemet?

– Det beste er å unngå det ved å identifisere art og størrelse på fisken før han blir tatt om bord eller trengt i hop ved skutesida. Gjerne kombinert med meir skånsame metodar for å sleppe ut fisk du ikkje vil ha.

– Dette jobbar både vi og andre med, seier Tenningen.

Les også: Har gitt sonaren evne til å beregne hvor mange tonn fisk den ser.

Ho viser for eksempel til CRIMAC – eit tverrfagleg forskingssenter vigd til å få meir data ut av moderne ekkolodd. For eksempel automatisk gjenkjenning av art og storleiken til kvar enkelt fisk.

Vil få talfesta meir daud fisk

Eit tydeleg regelverk og kontroll på fiskefelta og bevisstgjering av fiskarane vil også hjelpe, meiner forskaren.

– Men på kort og lang sikt, er det viktig at vi får betre tal på denne typen fiskedød. Då kan vi ta han med som ein faktor når vi skal berekne kor store fiskebestandane er, seier ho.

Tenningen ser føre seg eit samarbeid med Kystvakta eller ein pilotstudie på eit knippe frivillige fiskebåtar som eit logisk neste steg.

Referanse

Tenningen, Maria, Fabian Zimmermann, and Katja Enberg. "Pre-catch and discard mortality in Northeast Atlantic herring and mackerel fisheries: consequences for stock estimates and advice." ICES Journal of Marine Science (2021).

Lenke: https://doi.org/10.1093/icesjms/fsab135