Gå til hovedinnhold

Ein dag som havforskingsdirektør i havveka


En mann i dress og med briller sitter inne i en liten passasjerbåt.

Med kontor på Nordnes, er det fort gjort å ta snarvegen over Byfjorden for havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø på veg til One Ocean Week Summit i Håkonshallen. 

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Heng deg på Nils Gunnar Kvamstø.

Når det er havveka i havbyen og ein er havforskingsdirektør – då er det duka for hektiske dagar.  

– Det har aldri vore viktigare at me møtest på tvers og diskuterer dei fundamentale spørsmåla, seier Nils Gunnar Kvamstø i steget, på veg til dagens første stopp.  

– Kunnskap og råd som sikrar reine og rike hav er i kjerna av Havforskingsinstituttet sitt arbeid, men det vert ekstra tydeleg kor viktig dette er når omverda er prega av uro, konfliktar og dyrtid.  

Det handlar om matforsyning og sjølvforsyning, om berekraft og om beredskap – og det krev solid kunnskap i botn. 

Og akkurat dét kjem havforskingsdirektøren til å prate meir, mykje meir, om i løpet av denne måndagen.  

Slik ser ein dag som havforskingsdirektør ut:

08:30: TIDLEG PÅ'AN:

En mann og en kvinne kommer ut fra et bygg. De smiler. På dørene bak dem ser man en logo
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Nils Gunnar Kvamstø svippar så vidt innom Høgblokka, på tuppen av Nordnes, før dagen smeller i gang for fullt. Her med kommunikasjonsdirektør Marie Hauge.

09:00: BY(FJORD)BANEN:

En mann i dress og med briller sitter inne i en liten passasjerbåt.
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Første stopp for dagen er One Ocean Summit i Håkonshallen – og når snarvegen er vassvegen, er han ikkje vanskeleg å be: Kvamstø tek Beffen.

10:00: PÅ PLASS I DEN HØGTIDELEGE HÅKONSHALLEN

Tre personer sitter på en scene, og deltar i en panelsamtale. Det er to menn og en kvinne.
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Der Kvamstø også deltek i panelsamtale med fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss og Ramalingam Chandrasekar, den srilankiske fiskeriministeren.

– Det er mange menneskelege påverknadar på havet, men det som påverkar dei marine økosystema aller mest er summen av alt. Den samla belastninga, seier Kvamstø frå scena. – Difor må me også gå heilskapeleg til verks for å gi endå betre og endå meir relevante råd og løysingar til forvaltinga.

13:30: FRÅ EIN GAMMAL TRAVAR TIL EIN UNGFOLE 

En mann står bak på dekk av et opplæringsfartøy, ved siden av tråltrommelen
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Kvamstø nyttar nokre ledige minuttar før neste punkt på dagsorden til å sjå innom MS Skulebas, som ligg til kai side om sides med Statsraad Lehmkuhl.

HI har i fleire år samarbeidd med opplæringsfartøyet og Måløy vidaregåande skule om eit pigghå-tokt på hausten.

13:59: VALETS KVAL:

En mann står på kaien. Bak ser en siden på seilskipet Statsraad Lehmkuhl
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Ein havforskingsdirektør kan ikkje vere to plassar på same tid, og i alle fall ikkje tre – som er det Kvamstø skulle ønskt denne måndagen.

– HI er med på to av dei tre parallellsesjonane i årets Summit, og begge tematikkane er uhyre aktuelle, seier Kvamstø.

Eine handlar om korleis vi brukar dagens verktøy for å forstå og bu oss på framtidas marine vilkår; den andre om tryggleik og beredskap til havs i urolege tider.

– Sikkerheitspolitisk står Noreg i ein meir uføreseieleg situasjon enn på lenge, seier Kvamstø. – Vi treng ein plan for sjølvforsyning som tek høgde for korleis konfliktar og kriser på ulike nivå påverkar havområda våre og ikkje minst tilgangen på mat frå havet.

14:01: MEN I DAG ER DET SJØMATEN SOM TRUMFAR 

Utsikt over publikum i et arrangement. Midt i bildet sitter en mann og leser på notatene sine.
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Kvamstø er med på minikonferanse om bord Statsraad Lehmkuhl. For sjømaten er sentral i berekraftige matsystem, i matsikkerheita og for å dekke verdas ernæringsbehov.

15:35: KOST/NYTTE OM KOST

Fire personer i en panelsamtale rundt et høgbord.
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Forskingssjef Geir Huse modererer panelsamtale om trygg sjømat, der Kvamstø deltek saman med Nina Jensen frå Ocean Stewardship Initiative og Bedigama Kankanamge Kolita Kamal Jinadasa frå det srilankiske departementet for fiskeri.

16:05: PÅFYLL AV D-VITAMIN I PAUSA

En mann står på dekket av en seilskute
Foto: Christine Fagerbakke / HI

Første halvdel av dagen er ved vegs ende, og det er eit lite pusterom før kveldsarrangementa startar.

– Då får me nytte høve til å fylle på D-vitamin-lageret litt, seier Kvamstø i solsteiken.

(Om sola ikkje skin hos deg, er feit fisk er ypparleg kjelde til D-vitamin.)

18:00: GRATULERE KOLLEGA MED ST. OLAVS ORDEN

foto av mann som gratulerer en annen mann
Foto: Erlend Astad Lorentzen / HI

Etter ettermiddagsprogrammet på "Statsraad Lehmkuhl" blei ei gruppe spesielt inviterte vist inn i kapteinens kahytt av kaptein Marcus Albert Seidl sjølv.

Der venta Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, med St. Olavs Orden. Den har Hans Majestet Kongen tildelt havforskar Peter M. Haugan for den betydelege innsatsen hans for norsk og internasjonal havforsking.

– Vi er stolte og æra av at vår gode kollega Peter no er Ridder av første klasse. Peter er utruleg kunnskapsrik og raus. Han fremjer havet, utan behov for å fremje seg sjølv. Denne utmerkinga er heilt fortent, seier Kvamstø i ein seanse som runda av dagen på beste måte.