I liten skala kan nokre berggylter forsyne seg av lakselus frå fisken, slik som denne på biletet gjer. Imidlertid har det vist seg at dei ikkje er spesielt effektive som luseetarar når dei blir plassert ut i kommersielle oppdrettsanlegg.
Fotograf: Lowri O'Neill / HavforskningsinstituttetPublisert: 29.04.2026
Det konkluderer forskarar frå Deakin University (Australia), Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet med etter at dei har gått gjennom all tilgjengeleg kunnskap om rensefisk i lakseoppdrett. Funna har dei nyleg samla i ein ny vitskapleg publikasjon.
I løpet av dei siste åra har det vore stor fokus på bruk av rensefisk, og fleire oppdrettarar har slutta å bruke slik fisk eller redusert bruken kraftig.
Havforskingsinstituttet vil ta dei oppsummerte funna frå den nye vitskapelege artikkelen med seg inn i framtidig rådgjeving.
Oppsummert viser kunnskapsgjennomgangen at rensefisk har høg dødelegheit, låg dyrevelferd og varierande evne til å ete lus.
– I ettertid kan vi sjå at kunnskapsnivået om rensefisk var for dårleg då ein starta å bruke den i dei store kommersielle oppdrettsmerdane. Fokuset var på korleis laksen skulle få mindre lus, og dyrevelferda til rensefisken blei ikkje tilstrekkeleg tatt omsyn til, seier forskar Frode Oppedal frå Havforskingsinstituttet.
Sjå video som viser at berggylte som nappar lus av laksen i eit kar-forsøk:
– Bruk av villfanga rensefisk i oppdrettsanlegg for laks vart vanleg på slutten av 1980-talet, fortel Oppedal.
På den tida auka problema med lakselus på oppdrettslaksen samstundes som det blei problem med at lakselusa utvikla resistens mot avlusingskjemikaliar.
– Då vart det testa om norsk leppefisk ville snappe lusa rett frå laksen. Slik åtferd var allereie kjent i andre land der tilsvarande fisk kunne nappe parasittar frå andre artar. Tilsynelatande såg dette ut til å fungere veldig bra, fortel han.
I 2012 vart det oppdaga at også rognkjeks kunne fungere som rensefisk. Det blei starten på omfattande oppdrett og bruk av denne arten også.
I løpet av det siste tiåret er det satt ut omtrent ein halv milliard villfanga og oppdretta rensefisk i norske merdar.
– Mange meinte at rensefisk i stor grad nappar lakselusene av oppdrettslaksen, seier Kathy Overton (Deakin University) som er hovudforfattar på den nye publikasjonen.
I løpet av åra etter at rensefisk blei tatt i bruk, har forsking vist at den ikkje er den dyktige luseetaren mange trudde.
– Fleire studiar har vist at berre eit fåtal av rensefiskane faktisk et lus, og effekten varierer kraftig mellom artar, lokalitetar og miljøforhald, seier Overton.
Samtidig er det dokumentert at rensefisk har dårleg velferd i merdane.
– Det er dokumentert gjennomgåande høg dødelegheit eller tap på desse fiskane, seier Kristine Gismervik, fagansvarleg for dyrevelferd på Veterinærinstituttet.
Ho slår fast at produksjonsforhalda i laksemerdane ofte ikkje er tilpassa fysiologien og behova til reinsefisken.
– Vi ser at sjukdom, handtering og miljøbelastning er sentrale årsaker til den dårlege velferda.
Frå 2008 til 2019 auka bruken av rensefisk frå år til år. I tillegg til leppefisk, blei etter kvart også rognkjeks tatt i bruk som luseetarar.
– Veksten skuldast mangel på andre metodar, og at torskeoppdrett hadde kollapsa – det førte til at mange ledige oppdrettsanlegg gjekk over til å produsere rensefisk, seier Oppedal.
I toppåret 2019 blei det satt ut over 61 millionar rensefisk. Deretter har talet gått nedover, og i 2024 var det redusert til 22,5 millionar.
– Årsaka til denne nedgangen skuldast mellom anna at vi har fått nye og meir effektive metodar for avlusing, den lusespisande effekta er låg, samstundes som det har blitt meir fokus på korleis rensefisken har det i anlegga.
Også strengare regelverk til dyrevelferd, obligatorisk sortering før behandling og at forvaltinga i større grad har handheva reglane har gjort praksisen med å bruke rensefisk meir krevjande.
Fleire store aktørar har allereie slutta å bruke rensefisk.
Forskergruppa bak den nye publikasjonen er tydelege på at oppdrettsnæringa bør slutte å bruke reinsefisk. I artikkelen konkluderer dei med følgande:
Havforskingsinstituttet vil ta anbefalingane frå den nye vitskapelege artikkelen med seg inn i framtidig rådgjeving om bruk av rensefisk i merdar for lakseoppdrett.
Overton, K., Barrett, L.T. Oppedal, F., Oldham, T., Geitung, L., Gismervik, K., Dempster, T., 2026. The rise and fall of cleaner fish use in Norwegian salmon farming. Aquaculture Environment Interactions 18:aei00520. https://doi.org/10.3354/aei00520