Publisert: 29.04.2026
At dagens produksjon av oppdrettsfisk har negativ miljøpåverknad, til dømes som følgje av lakselus, er godt kjent.
No skal havforskarane saman med forskarar frå Juridisk fakultet (UiB) sjå nærare på dette.
– Heilt konkret skal vi undersøke om det er biologi, regelverket eller ein kombinasjon av desse som gjer at det går seint å løyse problema med negative miljøeffektar, seier forskar Mats Bøgwald.
I Havbruksmeldinga som blei lagt fram i fjor, blei det føreslått eit nytt forvaltingssystem som skal gjere det meir lønnsamt å drive med berekraftig drift og lav miljøpåverknad.
– Då vil det vere naturleg å innføre ny teknologi og endra driftsform. Samtidig ser vi at både biologien og dagens regelverk kan vere ei barriere for slik innovasjon, seier Bøgwald.
I tillegg er det viktig å halde auge med nye løysingar – dei treng ikkje å vere problemfrie sjølv om dei er nye.
Det er nødvendig å ta høgde for at også nye driftsformer kan føre til biologiske problem, og då gjerne andre enn dei vi har i dag, seier forskaren.
Bøgwald er derfor godt i gang med å intervjue tilsette i både næring og forvalting. I tillegg skal dei gjennomføre ulike case-studiar.
– Store delar av norsk oppdrettsnæring handlar om laks, derfor kjem vi til å ha størst fokus på oppdrett av denne arten, seier Bøgwald.
Dei kjem også til å sjå på ny teknologi som er på veg inn i næringa. I løpet av dei siste åra har det til dømes blitt vanlegare med lukka anlegg og det blir arbeidd med null-lus-teknologi.
– Dette er område vi kjem til å ha sterk fokus på slik at eventuelle problem forhåpentlegvis kan oppdagast og løysast på tidleg, seier han.
I tillegg kjem forskarane til å inkludere problemstillingar rundt innføring av lavtrofisk akvakultur, som oppdrett av tang og blåskjel, samt oppdrett av andre fiskeartar.
– Lavtrofiske artar som blåskjell kan brukast til fiskefôr, og er derfor viktige for å kunne produsere meir kortreist fiskefôr, avsluttar Bøgwald.
Prosjektet «Regelverkets innvirkning på ulike driftsformer og innføring av ny teknologi i havbruksnæringen: Tverrfaglig prosjekt innen juss og biologi med fokus på biosikkerhet, dyrevelferd og miljøpåvirkning» (RIFT) blir leia av Monica F. Solberg, Det er eit av seks prosjekt i Havbruksløftet og skal vere ferdig i 2027. Det er finansiert av FHF og Havforskingsinstituttet.