Havforskarane anbefalar ein auke i kvote for nordsjøsild i 2027.
Fotograf: Jan de Lange, HavforskingsinstituttetPublisert: 30.04.2026
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at totalfangsten av nordsjøsild i 2027 ikkje overstig 396 680 tonn.
Kvoterådet er 38 prosent høgare enn rådet for 2026, og 21 prosent høgare enn den fastsette kvoten for 2026. Denne er basert på forvaltningsplanen ein vart einige om i desember 2025.
– Bestanden er oppjustert delvis grunna fjorårets høge toktindeksar, og kvoterådet går difor opp. Det er likevel blant dei lågaste råda frå dei siste ti åra, seier havforskar Cecilie Kvamme.
Ulike forvaltingsreglar for nordsjøsild vart evaluerte i 2024-2025, noko som innebar at referansepunktet for fiskepress vart sett ned. I tillegg har nordsjøsilda hatt dårleg rekruttering dei siste åra.
Havforskarane tilrår framleis nullfangst av vestleg baltisk vårgytande sild, som ein har gjort kvart år etter 2018.
For brisling i Nordsjøen og Skagerrak, tilrår havforskarane at totalfangsten ikkje overstig 82 822 tonn i kvoteåret 1. juli 2026 til 30. juni 2027.
Det er 65 prosent lågare enn rådet for førre kvoteår.
– Brislingen er ein relativt kortliva art og rekrutteringa varierer mykje frå år til år, noko som gjer at bestandsstorleiken òg kan variere ein god del frå år til år, seier Kvamme.
Samstundes er brislingen eit viktig byttedyr for større fisk, særleg no når det er lite tobis og augepål.
Brisling i norske fjordar inngår ikkje i dette kvoterådet.