Publisert: 14.04.2026
Akkurat no køyrer ein undervassfarkost langs havbotnen i Oslofjorden.
AUV’en samlar data om tilhøva i dei nyetablerte nullfiskeområda og ser etter tapte fiskereiskap.
Kvar tapte teine toktet finn, skal dei plukke opp – og det kan vere mange av dei.
I hummarfiske åleine mister fritidsfiskarar rundt 8300 teiner kvart år. I tillegg kjem tapte krabbeteiner, leppefiskteiner og krepselenker.
På fjordbotnen held dei fram fisket, og det vert ein vond sirkel der daude dyr lokkar til seg nye offer.
– Spøkelsesfiske er ein alvorleg trugsel for kystøkosystema, seier havforskar Susanna Huneide Thorbjørnsen.
– Det fører til svært dårleg dyrevelferd for artane som vert fanga i dei tapte reiskapa, i tillegg til at det er ei skjult bestkatning på kystartane våre. Det bidreg òg til betydeleg plastforureining, der dei tapte reiskapane gjev frå seg mikroplast og nanoplast over tid.
Sidan 2019 har Havforskingsinstituttet og Thiki Green-bay samarbeidd om å kartlegge og rydde tapte fiskereiskapar.
I løpet av desse åra har vi henta opp over 12000 tapte fiskereiskapar i Sør-Noreg. Sjå kart her.
Nullfiske-tiltaket opnar for at nokre område i Oslofjorden kan verte rydda fri for spøkelsesreiskapar.
Denne ryddejobben har Miljødirektoratet no løyvd 20 millionar til, som ein del av arbeidet for å betre tilstanden i Oslofjorden.
I tillegg er Havforskingsinstituttet løyvd rundt 3 millionar kroner til eit prosjekt som skal restaurere flatøstersbotn i fjorden, leia av havforskar Stein Mortensen.
I sommar startar den toårige, storskala innsatsen for å stoppe spøkelsesfiske i Oslofjorden. Det skal verte lagt til rette for felles rapportering og deling av data for alle om skal bidra – frå fiskarar og frivillige til andre ryddeaktørar.
– Vi ser fram til å samarbeide med alle som skal i gang med å rydde opp spøkelsesreiskap, seier Thorbjørnsen, som er prosjektetleiar.
– Slik kan vi sikre til at nullfiskeområda i Oslofjorden får best mogeleg start på restaureringsvegen mot å verte ein rik og levande fjord.