Godt nytt for laksen: Lakselusa trivdes ikkje så godt i sommarkulden, men temperaturen var midt i blinken for laksen.
Fotograf: HavforskingsinstituttetPublisert: 19.08.2026
Dei fleste av oss sommarferierande menneske har ein trivselstemperatur i vatn som ligg tett opp mot tjue grader.
Dermed var det nok mange som hurtig trakk tærne opp frå forsiktige dupp i sjøkanten på Vestlandet no i sommar.
Havforskarane har no slått fast at vestlandskysten har vore råka av ei marin kuldebølge i juli.
For trivselstemperaturen for mange av våre nordiske fiskebestandar ligg nemleg vesentleg lågare enn for badande menneske.
Blir det varmare enn 16 grader i vatnet, flyktar torsken ned til djupare og kaldare vatn.
Det er også minst risiko for at oppdrettslaksen får velferdsproblem når temperaturen ligg mellom 10 og 16 grader.
Vestlandet er Noregs største område for fiskeoppdrett, og i fjor var kysten prega av ei den kraftigaste marine hetebølgja «i manns minne». Det førte til ein eksplosjon av lakselus.
Årets kuldeperiode har gitt motsett effekt.
– Vi veit det er ein klar samanheng mellom temperatur i sjøen og mengda lakselus. I forbindelse med den marine hetebølga i fjor var det utruleg mykje lus, fortel HI-forskar Anne Dagrun Sandvik.
– Fram til juli i år var temperaturen i oppdrettsanlegga omlag som langtidsgjennomsnittet. Men i staden for å fortsetja å stiga utover i juli, som normalt, så fekk vi då nordavind og lite, for ikkje sei ingen, oppvarming frå sola. Dermed fekk vi ei marin kuldebølge., fortel ho.
– Dermed unngjekk oppdrettsnæringa ei slik eksplosiv utvikling i mengda lakselus på oppdrettsfisk som det vi såg i 2024 og 2025. Dette støttar kunnskapen vår om lakselus, og den forskinga vi har publisert på dette også tidlegare.
Det er altså vesentleg mindre lakselus i oppdrettsanlegga på Vestlandet i sommar enn kva det var i fjor.
Til glede for fisken – og kanskje ei lita trøyst for vestlendingar som har blitt snytt for symjeturar i behageleg badetemperatur.