Slik bada vestlendingane i år: Eskil Askeland Livik med tjukk våtdrakt på Lundøy i Austevoll. Sukk.
Fotograf: Ingrid A. Johnsen/HIPublisert: 19.08.2026
Havforskingsinstituttet (HI) har overvaka havklimaet langs norskekysten i over 80 år.
– Det gir oss god oversikt over badetemperaturen over tiår, smilar forskingssjef Ingrid A. Johnsen.
Og det overraskar neppe badelystne vestlendingar som ikkje hadde vett til å reise austover på ferie, men årets sommar har beviseleg vore eit mageplask av ein badesesong.
– Det har vore kaldt dei fleste stadene vi målar langs vestlandskysten, fortel Johnsen.
– På målestasjonen vår på Utsira i Rogaland var det ganske normale temperaturar fram til midten av juli, men sidan den gongen har vi hatt mykje nordavind. Nordavind trekk overflatevatnet ut frå kysten. Og når det også er lite sol og låge temperaturar i atmosfæren, så blir ikkje vatnet varma opp noko særleg heller.
Resultatet er at sjøvatnet har vore mellom 10 og 14 grader på vestlandskysten sidan midten av juli.
Eller nitrist, som ein også kan kalla da.
Faktisk har det vore så kaldt i sjøen på Vestlandet at det kvalifiserer til motsetninga til ei marin hetebølge – det har vore ei marin kuldebølge, eller cold spell, som er det engelske uttrykket.
Ei rykande fersk analyse frå Havforskingsinstituttet (HI) syner at overflatetemperaturen i havet utanfor Vestlandet blir definert som ei marin kuldebølgje heilt frå 20. juli til 2. august i år.
Det står i skarp kontrast til fjorårets sommar. Då slo nemleg den kraftigaste marine hetebølgja som har blitt målt på Vestlandet på minst 30 år inn.
Les meir: Du er kanskje kald og litt sur - men for nokre er kulden heilt topp!
Slike kalde utfall kan jo få ei frossen badenymfe til å mumle noko litt bittert om at ein i det minste kan avlyse den globale oppvarminga av Vestlandet iallfall.
Men: Dessverre.
– Nei, klimakrisa er nok framleis like ekte, aktuell og menneskeskapt, seier HI-forskar Geir Ottersen. Han er ein av forfattarane bak FN sin spesialrapport om nettopp klimaendringar i havet.
–Vi har, og vi vil alltid ha, naturlege variasjonar, både i lufta og i havet. Nokre somrar er det varmare enn vanleg, nokre er det kaldare, slik som i store deler av Norge i år, fortel han.
– Ser ein på det store bildet er likevel tendensen heilt klar. Tiår for tiår blir havet varmare, og forskarane er einige om at det er utsleppa våre som har det meste av skylda.