Gå til hovedinnhold

Nytt prosjekt skal kartlegge presset på nordiske hav


En fisk som ligger på havbunnen ved siden av koraller.

Dyrelivet trivast blant djupvasskorallane. Fisken på biletet er ei brosme.

Fotograf: Mareano / Havforskningsinstituttet

Korleis kan havnæringane og sårbare økosystem bli forvalta side om side samtidig som ein også tar omsyn til klimaendringane?

Det skal forskarar frå Noreg, Grønland, Island og Færøyane undersøke.  

– Landa rundt Nord-Atlanteren har mykje kunnskap om dei ulike økosystema. No slår vi oss saman og samlar denne kunnskapen slik at den kan nyttast til økosystembasert marin arealplanlegging i desse havområda, seier prosjektleiar Lene Buhl-Mortensen. 

Prosjektet NOA-Protect er finansiert gjennom det Nordiske Havprogrammet (2025-2027) og har eit budsjett på 5,5 millionar kroner. 

I løpet av dei to åra prosjektet pågår, skal dei samle inn data som alt eksisterer og bearbeide dei slik at det blir mogeleg å sjå korleis det kombinerte presset på naturtypane i dette havområdet er. Forskarane kjem også til å inkludere påverknad frå klimaendringane. 

– I dette havområdet finn vi mykje av det vi kallar sårbare habitat, fortel ho. 

Eksempel på slike habitat er korallhagar og svampskogar, men her er også ei mengde artsrike leveområde som toler lite påverknad. 

– Vi veit at desse naturtypane har stor betydning for det biologiske mangfaldet i havet, men samstundes er dei ofte også svært sårbare for både menneskeleg aktivitet og klimaendringar, seier Buhl-Mortensen. 

Kart som viser Grønland, Island, Færøyane, Norge og havområda mellom.
Dette kartet er henta frå prosjektet NovasArc og viser plasseringa av ca. 4500 observasjonar av nøkkelartar.
Kart: NovasArc/Nordpub

Grønland er ny prosjektpartnar

NOA-Protect byggjer vidare på to tidlegare prosjekt. 

– Både i dette og dei tidlegare prosjekta er det brukt data frå mellom anna det norske kartleggingsprogrammet Mareano som gir Noreg unike datasett om eigen havbotn, seier Buhl-Mortensen. 

Nytt i dette prosjektet er at også Grønland deltek som ein av partnarane. 

Grønland forvaltar ei av dei største økonomiske sonene i Arktis. Dette området er mindre kartlagt enn havområda lenger aust i Nord-Atlanteren. Gjennom NOA-Protect-prosjektet skal kunnskap om djuphavshabitat og sårbare marine naturtypar i grønlandske farvatn inngå i eit felles nordisk kunnskapsgrunnlag. 

– Dette nordiske konsortiet er ein fantastisk sjanse til å synleggjere kor viktig god kunnskap er for å forvalte desse naturtypane på ein riktig måte, seier Karl Zinglersen ved Grønlands Naturinstitutt.