Gå til hovedinnhold

Sjekka kveis i fisk klargjort for sal

Ein femtedel av fisken var tydeleg smitta.

På vegner av Mattilsynet har HI undersøkt parasittar i fisk frå norske fiskemottak. (Les den vitskaplege rapporten her.)

Forskarane fann at ein femtedel av fisken var "openbart smitta av synlege parasittar".

Dette er eit formelt omgrep som inneber at du kan sjå parasittane – i hovudsak kveis – med eit kjapt blikk.

Kunne unngått dei fleste tilfella

Slike sjømatprodukt er det ikkje lov å sende ut på marknaden.

– Dei fleste tydeleg kontaminerte produkta kunne vore unngått ved grundigare reinsing av bukhola for restar av innvollar, samt betre rutinar for sluttkontroll i verksemdene, seier parasittolog Miguel Bao-Dominguez.

Ved nøyare inspeksjon, hadde ein tredjedel av fisken synlege parasittar.

foto av fiskens bukhule
Torsk med synlege parasittar i restar av leveren. (Miguel Bao-Dominguez / Havforskningsinstituttet)

Brosma var på parasittoppen

– Aller mest råka var brosma, følgt av sei, torsk, lange og hyse, seier Bao.

Ved nærmare inspeksjon var 44 av 59 brosmer infiserte med synlig parasittar.

– Men i blåkveite fann vi ingenting, seier forskaren.

Mattilsynet vil sjekke stoda

Målet med stikkprøvane var å undersøke i kva grad sjømatbransjen følger regelverket knytt til parasittar, og kva rutinar dei  har.

Frysing eller varmebehandling drep kveis. Men det kan opplevast udelikat og dermed påverke omdømmet til sjømaten. Menneske kan også bli sjuke av å ete rå fisk med kveis. (Sjå faktaboks)

For restaurantsushi er det krav om frysing av fiskerivarer på forhand. (Med unntak for enkelte oppdrettsfiskar, til dømes laks – les meir hos Mattilsynet)

Referanse

Miguel Bao-Dominguez, Paolo Cipriani, Lucilla Giulietti og Arne Levsen. Rapport fra overvåkingsprogrammet for forekomst av synlige parasitter i fisk (2026). Rapport fra Havforskningen 2026-31