Gå til hovedinnhold

I gang med makrell- og økosystemtokt i Norskehavet


foto av folk foran et styrehus på en båt

Forskningsteamet på "Eros": Bashir M Abdulkader, Anthony Mayer, Birgitta Mueck, Frederike Boehm, Marte L. Strømme, Frode Holen, Ørjan Sørensen, Linda Fonnes, Anne Margrethe Aase og toktleiar Arne Johannes Holmin.

Fotograf: Eros

Dei kartlegg makrell, sild, kolmule, rognkjeks, plankton, sjøpattedyr, havmiljø og meire til.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» la ut frå Bergen 29. juni med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark).

Makrellen står i sentrum

Over fem veker skal dei kartlegge eit område på ca. 2,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Makrellen spelar hovudrolle.

Om sommaren står makrellen spreidd i overflata og gir svakt utslag på ekkolodd. Hovudmetoden for å anslå kor mykje makrell det er under toktet, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med trål.

Er under kritisk nivå

Målingane dannar éin av fleire viktige indeksar forskarane brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – eit kvoteråd.

Det er stor spenning knytt til makrellbestanden, då han blei anslått å vere under kritisk nivå ved førre bestandsvurdering.

I 2014 var gytebestanden til makrell rekna å vere nesten 13 millionar tonn. I 2024 var bestanden på 2,7 millionar tonn. 

(Les også: Kvoteråd for pelagiske artar: Makrellbestanden er under kritisk nivå)

Ser også på resten

Fartøya registrerer også fleire andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule.

I tillegg kjem sjøpattedyrobservasjonar og omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 26. juli. 

Vi legg ut uformelle undervegsrapportar her på hi.no.