Gå til hovedinnhold

Sett noko kult eller funne noko i fjæra?

Registrer funnet på Dugnad for havet – og få svar frå ein forsker.

På sommaren er det mykje aktivitet langs kysten – både frå feriefolk og artar.

Det er mellom anna høgsesong for maneter. Strandløver støyter ofte på krabbar i alle variantar. Og frå bryggekanten eller båtripa kan ein vere heldige og sjå sel, nise eller kval. 

Om du finn noko uventa, rart eller ein art du vil ha hjelp til å identifisere: Registrer funnet ditt på Dugnad for havet.

Då kan ein havforskar gi svar. 

Leitar du etter ein ekspert?

Om du er journalist på jakt etter ein ekspert, sjekk også ut HI sine temasider. På artssidene våre finn du fakta om dei vanlegste artane i norske farvatn, og i margen ligg kontaktinformasjon til rett forskar. 

Framleis på villreie? Kontakt pressetenesta til Havforskingsinstituttet. Vi har lågare bemanning i juli, men svarar så raskt vi har høve. 

Blå brennmanet (Cyanea lamarckii) kan variere mye i fargen. Man finner fargenyanser fra mørk lilla, mørk blå, lyseblå og helt hvite. Bilde: Linn/Eva Robstad Strisland/Dugnad for havet
Nokre av manetobservasjonane som er registrert så langt i sommar. Blå brennmanet (Cyanea lamarckii) kan variere mykje i fargen. Ein finn fargenyansar frå mørk lilla, mørk blå, lyseblå og heilt kvite.
Foto: Linn/Eva Robstad Strisland/Dugnad for havet