Kvart år analyserer HI fôr og fôringrediensar for næringsstoff og uønskte stoff. Foto: Christine Fagerbakke / HI
Publisert: 02.07.2026
Kvart år tar Mattilsynet prøvar av fiskefôr og fôrmiddel frå norske fôrfabrikkar. HI analyserer prøvane for ei rekke uønskte stoff, bakteriar, tilsettingsstoff og næringsstoff.
Overvakinga tar for seg fôr til laks og aure, og ingrediensar til slike fôr.
No er resultata frå 2025 klare.
– I tillegg til å hente inn data om uønskte stoff, har vi i år hatt eit særleg fokus på næringsstoff, som i 2023. Vi har gjort meir omfattande undersøkingar enn tidlegare, og har mellom anna analysert fleire typar B-vitamin, seier HI-forskar Anne-Katrine Lundebye.
Forskarane har undersøkt nivåa av næringsstoff og uønskte stoff i fôr til laks på ulike livsstadium. Laksen får startfôr i ferskvassfasen, smoltfôr i smoltifiseringsfasen – der han tilpassar seg livet i saltvatn – og vekstfôr i saltvassfasen.
Analysane viser at fôra dekker ernæringsbehovet til fisken, men at det er stor variasjon i vitaminnivåa mellom ulike fôr.
Gjennomsnittsnivåa for B12, B9 (folat), B6 og B5 har auka i alle fôrtypane.
– Dei høgaste verdiane vi målte av folat i startfôr, var truleg høgare enn det som er optimalt for fisken. Men det finst ikkje grenseverdiar for folat i fôr, og dei høgaste målte verdiane var lågare enn det vi har sett tidlegare, seier Lundebye.
Nivåa av A-, C- og D-vitamin var i snitt noko høgare enn i 2023, mens nivåa av E- og K-vitamin var noko lågare.
Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA) har etterspurt meir data om mineralolje i mat og fôr, og om nitrat og nitritt i fôr og fôrmiddel.
– Derfor har vi analysert fleire uønskte stoff som ikkje har vore del av overvakingsprogrammet tidlegare. Dataa kan bidra inn mot eventuelle framtidige risikovurderingar i EU, seier Lundebye.
Forskarane har mellom anna sett på to ulike grupper av mineralolje: Metta hydrokarbon (MOSH=Minereral Oil Saturated Hydrocarbons) og komplekse aromatiske hydrokarbonkjeder (MOAH=Mineral Oil Aromatic Hydrocarbons).
Innhald av MOSH og MOAH i oljane kjem vanlegvis frå kontaminering med petroleumsbaserte mineraloljar, til dømes under prosessering eller frå emballasje og utstyr, og kan vere kreftframkallande.
– Nivåa av MOSH og MOAH var betydeleg høgare i fiskeolje og planteolje enn i fiskemjøl og plantemjøl. Men eg understrekar at det ikkje finst grenseverdiar for desse stoffa i fôr, fôrmiddel og mat, seier Lundebye.
Nivåa av nitritt i fiskefôr og fiskemjøl var under kvantifiseringrensa – det lågaste nivået av eit stoff laben kan måle påliteleg – og lågare enn dei øvre grenseverdiane.
Heller ikkje i år vart det no utfasa tilsettingsstoffet ethoxyquin funne i nokon av dei analyserte fullfôra eller fiskemjøla.
Nivåa av miljøgifter som arsen, kvikksølv og kadmium var høgare i startfôr enn i smoltfôr og vekstfôr, som tilfellet var for analysane frå 2024. Men nivåa låg under grenseverdiane for alle desse stoffa.
Anne-Katrine Lundebye m.fl.: «Monitoring programme for fish feed. Annual report for samples collected in 2025». Rapport fra havforskningen 2026-41.