Illustrasjonen viser sentralnervesystemet til en hoppekreps, og bildet viser den faktiske aktiviteten i sentralnervesystemet til raudåten, Calanus finmarchicus.
Fotograf: Tom Langbehn (illustrasjon) og Stefan Richter (bilde)Publisert: 01.06.2026 Oppdatert: 15.06.2026
Han er ikkje store karen, hoppekrepsen. Om lag 2 millimeter.
Flink til å hoppa, han lev livet i havet og blir kategorisert av oss menneske som eit dyreplankton.
Det er å lett å tenka at dette nok er ein type som vilje- og hovudlaust fylgjer straumen.
Men – nei.
For det viser seg at hoppekrepsen ser ut til å vera eit tenkande vesen.
– Vi finn at dette vesle dyreplanktonet kan hugsa eigne suksessar og nedturar, og bruka det den hugsar til å forstå kva som kan koma til å skje, seier forskar Johanna Myrseth Aarflot ved Havforskingsinstituttet.
Saman med fleire kollegaer frå Universitetet i Bergen står ho bak ein omfattande gjennomgang av hoppekrepsforskinga (jepp, det er ei greie) som viser at krabaten er bevisst.
Han er klar over både seg sjølv og omgjevnadane sine.
– Vi finn også at hoppekrepsen kan oppleve ulike kjensler, og at den har forventningar til utfallet av handlingane sine, forklarar Aarflot.
Men korleis i alle dagar kan forskarane vite kva ein kar på berre 0,2 cm tenker og føler?
– Vi ser alle dei ulike samankoplingane i hjernen. Den kan gjera alt dette fordi hjernen har kapasitet til det, seier HI-forskaren.
Bevisa ser ein att i oppførselen til dyret. Dei brukar hovudet for å finna mat, unngå rovdyr og finne seg ein passande make – på same vis som rovdyra som jaktar på dei gjer det.
– For eksempel ser vi at dersom hoppekrepsen finn ein matbit av dårleg kvalitet, så ignorerer han den om han, basert på tidlegare opplevingar, reknar med å finne betre mat om ikkje så lenge. Men dersom han trur at det er lenge til neste godbit, då glefser han den kjipe maten i seg.
Kort oppsummert: Hoppekrepsen er ikkje berre ein liten kropp, han har også hovudet med seg.
– Med andre ord; hoppekrepsen er ein «nokon», ikkje ein «noko ting», avrundar HI-forskaren.