Gå til hovedinnhold

Lågaste kvoterådet for sei nokon gong


Seistim. Fisken er sølvglinsende i fargen, med den karakterstiske stripen på midten av kroppen

Havforskarane rår om lågare seikvote i Nordsjøen.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

ICES legg fram sine kvoteråd for botnfisk i Nordsjøen.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) legg tysdag fram sine kvoteråd for botnfisk i Nordsjøen og områda rundt for 2027. 

Havforskarane tilrår at fangstane av sei ikkje overstig 48 320 tonn for 2027. 

Det er det lågaste kvoterådet dei nokon gong har gjeve for Nordsjø-sei. 

– Seibestanden har falle under både føre-var-grensa og under det kritiske nivået der vi forventar at bestanden får redusert evne til å lage nye, sterke årsklassar, seier havforskar og HIs ICES-representant Bjarte Bogstad. 

– Kvoterådet er dimed lågt for å snu nedgangen. 

Fangstnivå lågast sidan før 1967

I Nordsjøen er seien den viktigaste botnfiskarten for det norske fiskeriet.

Kvoterådet for sei i 2027 er 20 prosent lågare enn kvoterådet for 2026, og 19 prosent lågare enn fastsett kvote.

Om fangsten i 2027 følgjer kvoterådet, må ein tilbake til før 1967 for å finne så låg fangst. 

Dei siste åra har seifangstane lege på mellom 50 000 og 60 000 tonn.  

Til no i år har det vore dårleg seifiske. 

– Fangsten så langt i år er under halvparten av fangsten på same tid i fjor. Dette er ein mykje større nedgang enn det nedgangen i kvote frå i fjor til i år skulle tilseie. 

Nedgang også for hyse, lysing og kviting

ICES gjev også kvoteråd for fleire botnfiskartar i Nordsjøen. 

For hyse, rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 87 366 tonn i 2027. Det er ein nedgang på 19 prosent frå anbefalt og fastsett kvote for 2026. 

For lysing, rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 46 824 tonn i 2027. Det er 15 prosent lågare enn kvoterådet for 2026. 

For kviting, rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 104 430 tonn i 2027. Det er ein nedgang på 47 prosent frå anbefalt og fastsett kvote for 2026. 

 – Den store nedgangen kjem av at referansepunkta vart reviderte ved metoderevisjon i 2026, seier Bogstad og legg til at kvoterådet ligg langt over fangstane av kviting dei siste åra. 

Stabilt for raudspette, og auke for breiflabb

For raudspette, rår ICES om at fangstane ikkje bør overstige 160 380 tonn i 2027. Det er to prosent lågare enn anbefalt og fastsett kvote for 2026. 

For breiflabb, rår ICES om at fangstane ikkje bør overstige 34 245 tonn. Det er 13 prosent høgare enn anbefalt kvote for 2026. 

– Også for raudspette og breiflabb ligg kvoterådet langt over kva fangstane har vore dei siste åra, seier Bogstad. 

Kvoterådet for torsk i Nordsjøen kjem til hausten.