Gå til hovedinnhold

Tilrår svak auke i torskerådet


En torsk ligger på et filiteringsbord. Hodet til torsken er opnet, og en person med oljehyre og hansker er i ferd med å ta ut øresteinen

Illustrasjonsfoto frå økosystemtokt i Barentshavet i 2018.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Etter fleire år med rekordlåge kvoteråd, anbefaler havforskarane ein svak oppgang i torskerådet for 2027.

Fredag la den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet fram sine kvoteråd.  

Dei tilrår at fangstane av nordaustarktisk torsk ikkje overstig 312 667 tonn for 2027.  

Rådet er 16 prosent høgare enn kvoterådet for 2026, og 10 prosent høgare enn den fastsette kvoten for 2026.  

– Rådet går opp fordi 2021-årsklassen er på veg inn i den fiskbare bestanden. Denne er middels sterk, og sterkare enn dei føregåande årsklassane, seier bestandsansvarleg Bjarte Bogstad.  

Med unntak av dei to siste åra, er kvoterådet det lågaste sidan 2003.  

Framleis svak rekruttering  

Endå havforskarane rår om ein svak oppgang i kvote, har torskebestanden framleis lite suksess i rekruttering av ungfisk.  

Årsklassane 2020 og 2023-2024 er svake. 2021-årsklassen er middels, medan 2022 var under middels.  

– 2025-årsklassen er også under middels, seier Bogstad.  

– Sidan gjennomsnittsalderen for torsk som gyt for første gong er 7 år, betyr dette at det vert lite påfyll til gytebestanden før i 2028.  Fisket i dei komande åra vil i stor grad vere avhengig av den middels sterke 2021-årsklassen.

Oppgang for hyse og blåkveite 

Forskarane rår også om ein oppgang i kvote for hyse og for blåkveite.  

For nordaustarktisk hyse, tilrår forskarane at fangstane ikkje overstig 180 336 tonn for 2027. Det er 18 prosent høgare enn kvoteråd og endeleg kvote for 2026.  

– Årsklassane 2021-2025 er middels eller over middels. Desse er no på veg inn i fisket og gjer at vi kan anbefale litt høgare fangstar enn dei føregåande åra, seier Bogstad.  

– Men det er viktig å ikkje fiske desse årsklassene for tidleg, og late dei utnytte vekstpotensialet sitt.  

Forskarane rår om at blåkveite-fangstane i 2027 ikkje overstig 19 610 tonn. Det er 3 prosent høgare enn den fastsette kvoten for 2026, og 32 prosent høgare enn kvoterådet for 2026.  

– Gode årsklassar er på veg inn i den fiskbare bestanden, seier Bogstad.  

Blåkveita er ein langliva bestand, og havforskarane gjev difor råd for to år om gongen. For 2028 er den tilrådde blåkveite-kvoten 19 914 tonn. I åra framover ser det ut som ein fangst på 20 000 tonn vil gje ein stabil gytebestand. 

Nedgang for snabeluer 

Forskarane rår om ein svak nedgang i fangstane av snabeluer. For 2027 tilrår forskarane at fangstane ikkje overstig 67 090 tonn. Det er 3 prosent lågare enn kvoteråd og endeleg kvote for 2026.  

Lodderådet kjem som vanleg i oktober.  

Det norsk-russiske havforskingssamarbeidet

  • Barentshavet er delt mellom Noreg og Russland. 
  • Kvart år blir kvotene for torsk, hyse, lodde, snabeluer og blåkveite bestemt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen 
  • Kunnskapsgrunnlaget vert levert av norske og russiske forskarar 
  • Forskingssamarbeidet består av Havforskingsinstituttet og VNIRO si nordlege avdeling i Murmansk 
  • Havforskarane har samarbeidd tett sidan 1958