Gå til hovedinnhold

Årets overvåking av lakselus er i gang


Bilde av en sjøørret med lakselus.

Sjøaure med lakselus.

Fotograf: Rune Nilsen / Havforskningsinstituttet

Den årlege overvakinga av lakselus på villaks, sjøaure og sjørøye – artane som ofte blir omtala som vill laksefisk – er i gang.

Kvart år undersøker spesialutdanna personell frå Havforskingsinstituttet kor mykje lakselus det er på vill laksefisk i utvalde område langs kysten. Undersøkinga blir gjort i samarbeid med Norce og Nina. 

– Resultata frå desse undersøkingane gir oss viktig informasjon om korleis dei ulike artane blir negativt påverka av lakselus, seier Rune Nilsen som leiar for den nasjonale luseovervakinga (Nalo).  

Dei siste åra har oppdrettsnæringa blitt regulert ut frå kor mykje lakselus det er på utvandrande unglaks gjennom styresmaktene sitt trafikklyssystem. 

Mengda lus i sjøen er knytt til mengde lus på oppdrettsfisk 

Sjølv om dei ville laksefiskane også blir påverka av naturlege svingingar som til dømes tilgang på mat i havet og klimaendringar, har lakselus i mange område stor effekt på villaks, sjøaure og sjørøye. 

– Mengda lus i sjøen heng tett saman med mengda lus på oppdrettsfisken i det same området. Der det er mykje lus er det også auka risiko for at vill laksefisk vert infisert, seier Nilsen. 

Etter at lakselusa har funne ein villfisk å feste seg til, et den huda til fisken for å få mat. Om ein fisk har fleire lus, kan den utvikle store sår som gjer den meir utsett for infeksjonar i tillegg til problem med veskebalansen. I verste fall døyr fisken. 

Overvakinga startar i sør og beveger seg nordover 

Som vanleg har overvakinga av lakselus også i år starta i dei sørlegaste delane av landet. 

– Eit av måla er å undersøke om utvandrande unglaks (smolt) treff på mykje lus på veg frå elvane og ut i havet, fortel Nilsen.  

Derfor startar overvakinga samstundes som denne utvandringa tar seg opp, først i sør og seinare i nord. 

– Utviklinga til lakselus er avhengig av temperatur, mengda luselarvar aukar derfor også gjerne om våren, samstundes som smoltutvandringa pågår, seier han. 

No er personell som er spesielt kursa for å kunne telle lus i ulike stadier av lusa sin livssyklus og ulike artar av lus, i gang med overvakinga i Boknafjorden i Rogaland. Etter kvar blir det gjennomført tilsvarande overvaking i dei store fjordsystema på Vestlandet og i Trøndelag før den blir avslutta i Nord-Noreg i juli. 

Overvakinga blir gjort ved hjelp av trål, ruser og garn, samt vaktbur. I sistnemnte blir det plassert ut små bur med oppdrettssmolt i sjøen, etter ein bestemt periode blir dei henta opp og spesialistar på lusetelling sjekkar kor mykje lus dei har fått.