Gå til hovedinnhold

Derfor vert fjorden din grøn


Tre bilder sett saman. Eine bilete er eit kartutsnitt som viser vest-Noreg, det andre er syner vassoverflata av ein turkisfarga fjord og det tredje er eit mikroskopbilde av ein kalkalge.

Kalkalge-oppblomstringa er tidleg i år. Øvst til venstre er eit satellittbilete som viser antydning til Gephyrocapsa huxleyi langs kysten, tatt 11. mai 2026. Nedst til venstre er eit arkivfoto frå oppblomstringa utanfor Austevoll i 2021. Til høgre er den turkise fjordmålaren, kalalgen Gephyrocapsa huxleyi.

Fotograf: Nasa Worldview, Corrected Reflectance (True Color), Arnbjørn Aagesen, Stig Bjarte Haugen/Havforskingsinstituttet

I år er den harmlause algen som fargar fjordane turkise ekstra tidleg ute. 

Det er kalkalgen Gephyrocapsa huxleyi som blømer. Algen er nok meir kjend under namnet Emiliania huxleyi eller berre «Ehux». 

Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekka av små kalkplater, og i tilegg så slepp algen ut mange lause kalkplater i vatnet. Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge. 

– Årets oppblomstring er litt tidlegare enn vanleg, men framleis ikkje utanfor «normalen», seier havforskar Lars-Johan Naustvoll. 

Dei siste åra har Emiliania-oppblomstringa gjerne vore i juni. Som oftast ser vi dei i etterkant av solrike og vindstille periodar. 

Oppblomstringa er synleg heilt til verdsrommet. 

Bilde som viser et turkist vann
Oppblomstring av algen "Ehux" fargar vatnet turkis. Her frå 2021, utanfor Austevoll. 
Arkivfoto: Arnbjørn Aagesen / Havforskingsinstituttet

Heilt vanleg, heilt ufarleg

Frå Skagerrak til Stadt er oppblomstringar av Emiliania huxleyi forholdsvis vanlege, og førekjem så å seie kvart år – anten i heile eller i deler av området. 

Kalkalgen er harmlaus og oppblomstringane ufarglege – men dei kan by på siktutfordringar for båtfolket og for fisken.  

– I tidlegare oppblomstringar har vi sett at fisk som brukar synet for å fange føde trekker seg ut av områda der algen blømer for fullt. Det kan difor verte dårlegare fangst ved i fiske i fjordar med oppblomstring, seier Naustvoll. 

Det er ikkje sikkert kva som fører til at «Ehux» blomstrar. Den kan gjere det på tider og i område med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel. Kalkalgene formeirer seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.

Kor lenge oppblomstringane varar varierer også mykje frå år til annan og frå stad til stad – det kan vere frå ei veke til ein heil månad. Her har vinden og bølgjene mykje å seie. 

mikroskopfoto av en sfære med strukturer på
Gjennom mikroskop: Emiliania Huxleyi er om lag 5 mikrometer stor, det vil seie 5 tusendelar av ein millimeter. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 75 mikrometer tjukt. (Foto: Stig Bjarte Haugen / Havforskningsinstituttet)