Ved hjelp av modellar kan forskarane seie korleis lakselus spreier seg mellom oppdrettsanlegg. Illustrasjonsfoto.
Fotograf: Eivind Senneset/HavforskningsinstituttetPublisert: 18.05.2026
I den nye rapporten, som vart laga etter spørsmål frå næringa, har forskarane sett på korleis lakselus spreier mellom oppdrettsanlegg, og kva anlegg som bidreg med mykje eller lite smitte til andre anlegg.
– Sidan vi allereie har modellar som viser korleis lakselus frå oppdrettsanlegg blir frakta med straumen og smittar villfisk, var mykje av jobben gjort. Dermed var det lett å seie ja, då vi fekk førespurnad om å lage ein slik rapport, seier forskingssjef Ingrid Askeland Johnsen.
No håpar ho at den nye rapporten kan bidra med hjelp når næringa skal ta strategiske avgjerder for å redusere problemet med lakselus.
Rapporten er full av grafar og figurar som viser:
– Lakselus har i mange år vore eit stort problem både for oppdrettsnæringa og villaks og sjøaure, seier ho.
Lusa er ein parasitt, og den trivast ekstra godt når sjøtemperaturen er høg.
– I fjor vart sjøvatnet rekordvarmt, og varmen haldt seg utover hausten. Dermed fekk lusene ekstra gode forhold over ein lengre periode enn vanleg, og det blei veldig mykje lus og ein stor jobb for mange oppdrettarar når dei skulle halde nede nivået på lus i anlegga, seier ho.
Havforskingsinstituttet brukar avanserte matematiske modellar for å berekne korleis lakselus spreier seg. Forskarane har brukt innrapportert temperatur, talet på holus på oppdrettsfisken og kor mange oppdrettsfisk som står på kvar lokalitet for å berekna utslepp av lakselus frå alle lokalitetar.
– Modellen vi har brukt her, er den same som vi brukar til å modellere korleis lakselus frå oppdrettsanlegga påverkar villfisken.
Same metode er også tidlegare brukt til å påvise korleis lakselus spreier seg mellom oppdrettsanlegg.
Basert på opplysningane som er lagt inn i modellen, bereknar forskarane utslepp av lakseluslarvar frå kvar lokalitet, korleis dei blir transportert med straumen og konsentrasjon av lakseluslarvar i den perioden dei er smittsame for fisk.
Utviklinga og åtferda til lakselusa er styrt av temperatur, lys og saltholdegheit på det omkringliggande vatnet.
– Vi ser at mengda lakseluslarvar som blir produsert i eit område, er sterkt avhengig av når fisken blir sett i sjøen. Produksjonssyklusen for laks er typisk omtrent to år, derfor har vi også inkludert to år i rapporten, seier Johnsen.
Modelleringane forskarane har gjort, viser også at det skjer store endringar berre innan eit døgn.
– Dette er typisk for spreiing i fjordar. Skapningar som har evne til å plassere seg på eit visst djup i havet samlast ofte i område med møtande vassmassar.
Det same skjer med fiskeegg og -larvar. Vatnet nær overflata er heile tida i bevegelse med endringar i vassføring, vind og tidevatn.
– Resultata som er presenterte i rapporten er gjennomsnittssituasjonen over eit år, men variasjonen time for time er inkludert i dette gjennomsnittet.
Johnsen påpeikar at denne gongen har forskarane berre sett på smitte mellom oppdrettsanlegg.
– Smitte til villfisk er ikkje vurdert i denne rapporten. Sjølv om eit anlegg ikkje smittar naboanlegget, kan lus frå dette anlegget sjølvsagt smitte villaks, sjøaure og sjørøye.
No er ho spent på om næringa tar i bruk rapporten som dei ønskte seg.
– Vi har identifisert anlegga som produserer og sprer mest lus, no er det opp til næringa å rette innsatsen dit den får størst effekt, seier ho.
Eit forbehald tar ho likevel.
– Rundt 40 anlegg har tatt i bruk nedsenka anlegg, noko som reduserer luseproblemet. Men det finst ikkje noko nasjonalt register over dette, så i våre berekningar har vi gått ut frå at alle lokalitetane brukar open overflate-teknologi sidan det vil stemme for dei aller fleste, seier Johnsen.
Ho legg til at resultata til dømes kan brukast til å vurdere om det var anlegga med størst behov som vart nedsenka, eller om det er andre lokalitetar som enten burde hatt senka merdar eller tatt i bruk andre lusereduserande teknologiar.
Ingrid Askeland Johnsen og Anne Dagrun Sandvik. Smittevegar lakselus – Mellom anleggslokalitetar i 2024 og 2025. Rapport fra havforskningen 2026-19