Etter planen skal Wisting vere ein "flytande produksjonsinnretning" der olja blir prosessert og lagra om bord, før han blir lasta over til tankskip og frakta vidare.
Fotograf: EquinorPublisert: 04.11.2026
Equinor vil bygge ut verdas nordlegaste oljefelt, Wisting. Dei har sendt ut forslag til program for konsekvensutgreiing på høyring (ekstern lenke).
– Vi er kritiske og meiner det er fleire ting Equinor må ta inn i planen og greie betre ut om, seier forskingssjef Monica Sanden.
– Til dømes legg Equinor opp til karbonfangst og -lagring endå lengre nord i enn Wisting-feltet, gjennom ein seks mil lang gassleidning i retning iskantsona. Det vil krevje inngrep på havbotnen i eit viktig og urørt økosystem, med tilhøyrande risiko for lekkasje. Løysinga er berre overflatisk skissert i forslaget, seier ho.
Forskarane har også meir å seie om den viktige iskanten.
På kartet er det nemlet eit formelt definert “særleg verdifullt” område som heiter Iskantsona. I realiteten er den faktiske iskanten meir dynamisk, og vil variere stort gjennom dei 30 åra med planlagt aktivitet på Wisting.
Det kan altså vere is også der Wisting ligg, sør for SVO Iskantsonen.
– Vi anbefaler at konsekvensutgreiinga skil tydeleg mellom den formelt definerte "Iskantsonen" og den faktiske, levande iskanten. Havområdet som skiftar mellom islagt og isfritt er ekstremt næringsrikt. Det gir grunnlag for eit yrande dyreliv og store sjømatressursar, seier Sanden.
Oljeutslepp i dette området vil kunne få konsekvensar for fleire viktige planktonartar og fiskebestandar. Særleg om olje kan drive med isen til gyte- og oppvekstområde. Særleg er fiskeegg sårbare for olje, påpeiker havforskarane.
(Les også: – Konsekvensane av oljesøl kan vere kraftig undervurdert)
– Dette er ikkje reflektert i forslaget til konsekvensutgreiing, som har mest fokus på sjøfugl, fortset ho.

Illustrasjon: Equinor
Forskarane påpeiker også at fleire fiskebestandar i nord, som skreien og lodda, no er på lågt nivå. Det gjer dei nødvendigvis meir sårbare.
– I det heile har det kome mykje ny forsking og oppdatert kunnskap som ei konsekvensutgreiing bør ta omsyn til, seier Sanden.
Utanom risikoen for akutte utslepp, legg Equinor også opp til å sleppe ut fleire raude kjemikaliar (stoff som er dårlege for miljøet) gjennom vanleg drift, og til å kunne måtte sleppe ut såkalla "produsert vatn" (vatn med restar av olje) i periodar.
Forskarane vil vite meir om kor mykje det er snakk om i verste fall.
Når det gjeld støy, slår forslaget fast at feltet ikkje overlappar med område ein normalt bør unngå: Gyteområde for fisk eller beiteområde for kval.
– Det er riktig i dag, men i eit 30-årsperspektiv, kan det godt vere at dette endrar seg, særleg med tanke på venta temperaturendringar, seier Sanden.