Gå til hovedinnhold

Skrei-svikten: Eittåringane er for varme og for appetittlege


Toktbilde som viser at en tekniker er i ferd med å ta en ørestein ut av en torsk

Varmare hav kan vere positivt for vaksen torsk. Han kan veske fortare, breie seg utover eit større område, og verte kjønnsmoden tidleg. 

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Oppvekstvilkåra for torsk har vorte dårlegare.

– Eit varmare Barentshav kan vere positivt for den vaksne skreien, men for ungtorskane slår det nye klimaet negativt ut, seier Shuyang Ma. 

– Det ser ut til å skape vanskelegare vilkår for eittåringane. Færre overlever, og færre kan då verte rekrutterte til den vaksne fiskebestanden. 

Forskarane har modellert mogelege årsaker bak rekrutteringssvikten som har råka skreibestanden dei siste 15 åra, trass i ein rekordstor gytebestand på 2010-talet. 

Resultata peikar på at den raske temperaturauken i Barentshavet som ein mogeleg hovuddrivar – og eittåringane som flaskehalsen.

Men varmen er ikkje åleine om å skape vanskelege oppvekstvilkår. 

 

to torsk på havunnen
Ein rekrutt er målt som ein 3 år gammal torsk. Rekrutteringssuksess handlar om kor mange treåringar som vert tekne inn i den vaksne gytebestanden. I studien er rekrutteringssuksess kor mange rekruttar som kan verte produsert per eining gytebestand. ​​​​​
​​​​​​Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Rikt matfat gjev pluss

Historisk har den nordaustarktiske torsken vore ein av dei viktigaste bestandane i norske farvatn – og han er rik i data.

Havforskingsinstituttet har lange tidsseriar for torsk og for økosystemet som omgjev han, som planktontilgangen og klimavilkåra. 

Med avansert modellering brukar havforskarane dette datakvelvet til å granske kva følgjer ulike samhandlingar får i det samanvevde samspelet til havs. 

– Ein full mage på hausten har sterke, positive effektar på rekruttane. Det syner kor viktig det er med god mattilgang, seier havforskaren.

– På den andre sida av skalaen, risikerer torsken i sine tidlege livsstadium å verte mat for andre. 

Makrell gir truleg minus

I løpet av 2010-talet utvida makrellen sitt beiteområde kraftig, og nådde nord til skreiens føretrekte gyte- og oppvekstområde. 

– Makrellen har ein nesten grenselaus appetitt. Og dersom det er overlapp mellom makrell på matjakt og store torskelarvar på drift, kan han gjere store innhogg, seier Ma. 

Forskarane fann ikkje ein tilsvarande sterk effekt i dataa frå norsk vårgytande sild, som predator på torskelarvar.

Men også torsk et torsk. Auka kannibalisme i bestanden – at eldre torsk et yngel og ungfisk – kan bidra til den dårlege rekrutteringa. 

Fangsta makrell og sild i ein trålsekk
Makrell er ein opportunistisk rovfisk – og han kan ha bidrege til rekrutteringssvikten hos skrei. Forskarane fann ikkje same predasjonseffekten frå nvg-sild. 
Illustrasjonsfoto: Leif Nøttestad / Havforskingsinstituttet

Fiskeri påverkar indirekte

Fiskeri påverkar bestandsutviklinga, men kan ikkje åleine forklare rekrutteringssvikten hos skreien, syner modellen. 

– Fiske reduserer bestanden av vaksen torsk. Færre vaksen fisk betyr færre fisk som gyter, noko som igjen avgrensar kor mykje ungtorsk som vert fødd.

Summen av alt

I sum verkar fleire faktorar saman og har gjort oppvekstvilkåra for torsk vanskelegare enn dei var før. 

– Det vil vere viktig å vareta aldersmangfaldet hos skrei. Større skrei gyter generelt tidlegare i sesongen, noko som til dømes kan gjere at avkommet deira ikkje overlappar med makrellen, som kjem seinare. 

Referanse: 

Ma, S., B. Bogstad, P. Dalpadado, et al. 2026. “Leveraging the Highly Data-Rich Northeast Arctic Cod (Gadus morhua, Gadidae) to Identify Key Biophysical Factors Behind Recruitment Success.” Fish and Fisheries 27, no. 4: 1006–1027. https://doi.org/10.1111/faf.70098