Publisert: 22.10.2026
For første gong har forskarane leitt systematisk etter parasittar i brosme.
Det var det ikkje vanskeleg å finne.
– Det var kveis i alle dei 187 brosmene vi undersøkte – totalt over 27.000 larvar, seier parasittolog Paolo Cipriani, førsteforfattar av den nye studien.
96 prosent av desse var av typen Anisakis – den vanlegaste kveisen i fisk frå våre farvatn.
– Litt under halvparten av larvane var å finne i muskulaturen, altså fileten. Det er ein større andel enn vi gjerne ser hos andre artar, seier Cipriani.
Den gode nyheita er at dei aller fleste av desse igjen var konsentrert i bukkjøtet til fisken.
– Fiskeindustrien kan dermed hindre mesteparten av kveisen i å hamne i fiskedisken ved å skjere vekk bukstykka, seier forskaren.
Dei undersøkte brosmene stammar frå kommersielle fangstar og forskingstokt.
Dei høgaste mengdene kveis var i brosme fanga utanfor Frøya, og dei lågaste var i brosmer frå Nordsjøen.
I tillegg til Anisakis fann forskarane også dei liknande kveis-artane Phocanema decipiens (s.s.), P. krabbei, P. bulbosum, Contracaecum osculatum B, Phocascaris cystophorae, Phocascaris sp.
Ved å fryse fisken eller gi den ein god runde på grillen (der ei brosme passar godt), døyr parasittane. Dei utgjer då inga smittefare for folk.
Men mykje kveis i ein filet kan vere "turn-off" for den som skal til å lage seg eit herleg fiskemåltid.
Den veksande interessa for å ete rå fisk er også noko som opptar parasittologane.
I Norge og EU er det krav om å fryse fisk som skal inngå i restaurant-sushi. Men det er mange hobbykokkar og fritidsfiskarar som kanskje ikkje har fått med seg dette, seier Cipriani.
Les meir om regelverket hos Mattilsynet.
Parasittologen understrekar at kveis i fisk slett ikkje er noko unaturleg.
– Kveisen treng ei rekke ulike vertar i ulike livsfasar – med selar eller kvalar som sluttvertar. Kveis er dermed eit sunnheitsteikn for artsmangfaldet i økosystemet, seier Cipriani.
Fordi ulike parasittar speglar ulike næringskjeder og sjøpattedyr, kan dei fortelle oss om kva fisken et, kor dei vandrar og korleis bestandane er sett saman.
– Studien vår tyder også på at brosma et meir fisk enn kva vi har trudd, før avsluttar forskaren.