Gå til hovedinnhold

Gjev todelt kvoteråd om nordsjøtorsk også i år


To torskefisk i mellom steiner

Torsk (Gadus morhua).

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

To av dei tre underbestandane er under kritisk nivå.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) gjev eit todelt kvoteråd for nordsjøtorsk i 2027, som i 2026. 

Forskarane rår om nullfiske av torsk i Nordsjøen og nærliggande område eller at fangstane ikkje skal vere meir enn totalt 8 574 tonn. Dei nærliggjande områda er vest for Skottland, Skagerrak og den austlege engelske kanal.

– Det er krevjande å forvalte tre underbestandar under eitt, og dette vert reflektert i det todelte rådet, seier havforskar Bjarte Bogstad. Han er HIs representant inn i ICES.

Begge dei tilrådde kvotene for 2027 er langt under forventa fangst i 2026. 

Alle tre bestandane er under føre-var-grensa

Torsk i Nordsjøen er delt i tre underbestandar. Desse gyter på separate felt: Nordvest, sør og «viking» (nordaust) i første kvartal. Elles i året blandar fisken seg og vert fanga om ein annan. 

– Fisketrykket i 2025 var for høgt for torsk i Nordsjøen. Hos alle tre nordsjøtorsk-bestandane er gytebestanden i år under føre-var-grensa, seier Bogstad. 

Fjorårets kvoteråd var anten nullfiske eller 12 280 tonn for heile området – totalt for alle underbestandane. 

Forventa fangst i 2026 er 21 131 tonn, inkludert utkast på 3 791 tonn. Dette er høgare enn kvoten for 2026 på 14 035 tonn, summert over alle områda.

Storbritannia, Danmark og Noreg er dei viktigaste fiskerinasjonane på torsk i Nordsjøen. Norsk kvote for 2026 er 1 516 tonn.

For den sørlege bestanden og nordvest-bestanden er gytebestanden også under det kritiske nivået, der ein forventar at bestanden får redusert evne til å lage nye, sterke årsklassar.

Viking-bestanden er mellom føre-var-nivået og kritisk nivå. 

All fiske inneber større risiko 

Dersom ein ser dei tre bestandane under eitt og brukar ei MSY-tilnærming saman med «føre var»-omsyn, bør det vere nullfiske på nordsjøtorsk i 2027. 

MSY står for Maximum Sustainable Yield, på norsk maksimalt langtidsutbytte. Ei MSY-tilnærming handlar om å maksimere langtidsutbyttet frå ein bestand, samtidig som fisket framleis er berekraftig. 

Dersom ein brukar «føre var»-omsyn berre på torskebestanden i sør – som har vore den svakaste – seier kvoterådet at ein kan fiske opp til 3704 tonn for nordvest-bestanden og 4870 tonn for viking-bestanden. Totalt blir dette 8 574 tonn. 

– To av tre torskebestandar i Nordsjøen er no under kritisk nivå. All fiske vil føre til at det er høgare risiko for at desse held seg der, seier Bogstad.