– Endringane til havs skjer stadig raskare, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø
Fotograf: Eivind Senneset / HavforskingsinstituttetPublisert: 14.10.2026
– Det kan ikkje handle om å hauste så mykje som mogeleg, no må det handle om å hauste så bra som mogeleg, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
– Endringane til havs skjer stadig raskare. Då må politikken rundt og forvaltinga av fiskeriressursane også kunne justerast raskare: vi treng meir fleksibilitet for å unngå store svingingar og sikre føreseielegheit for næringa over tid, seier han.
Torsdag held havforskingsdirektøren årets Havtale. Sjå sendinga her.
Havet er ikkje utømmeleg – fiskebestandane våre er ein avgrensa ressurs.
Dei samla fiskeriressursane i havområda våre er halvert sidan toppåret 2013, synte HI si Ressursoversikt 2026. Gamle høgder kan bli vanskeleg å nå igjen.
Skreien har slite med å rekruttere nok ungfisk dei siste 20 åra – av grunnar det har vore vanskeleg å forklare. Nye forskingsresultat peikar på klimaendringar som ein av dei mogelege hovuddrivarane, med alle følgjene som kjem av eit varmare hav.
Forskingsdirektør Geir Huse peikar på at klimaendringane – og dei fysiske, kjemiske og oseanografiske prosessane som høyrer til – har potensialet til å grunnleggjande endre dei økologiske rammevilkåra for fisk i farvatna våre.
– Når usikkerheitene aukar, bør også sikkerheitsmarginane auke for å gjere bestandane meir robuste, seier Huse.
– Eit mogeleg tiltak er å leggje inn ein ekstra sikkerheitsmargin i kvotene, som reflekterer usikkerheita som rår om korleis klimaendringane vil påverke reproduksjon og rekruttering i norske farvatn.
Vidare peikar han på at minstemåla for fisk som vert fangsta i større grad må vere tufta på biologi, og ikkje kompromiss.
– I dag er minstemåla for dei fleste artane eit resultat av tautrekking mellom forvalting og næring. Vi bør leggje meir vekt på å la fisken vekse seg stor nok til å gyte før vi fiskar han, seier Huse.
Vidare peikar forskingsdirektøren på behovet for fleirbestandsforvalting. I fleirbestandsforvalting tek ein omsyn til økologiske prosessar, og ein ser bestandane i samanheng i større grad enn i tradisjonell bestandsforvalting.
– Dette er allereie teke bruk i loddeforvaltinga. Lodde er hovudføda for torsken, og kor mykje lodde det vert er difor også avhengig av kor mykje torsk det er som beiter på ho. Desse omsyna teke med i lodderådgjevinga, seier Huse.
Dessutan har haustingsregelen for torsk to nivå, og når torskebestanden er veldig stor, slik den var rundt 2013, aukar fisketrykket i regelen opp mot 50 prosent høgare enn nivået som gjev det høgaste utbytte. Dette er gjort for å hindra at bestanden veks seg for stor. På det meste et torskebestanden omtrent 10 millionar tonn årleg, og mykje av dette er andre kommersielt viktige bestandar som lodde og reker.
– Auka bruk av denne typen fleirbestandsforvalting vil kunne vera eit viktig verktøy ved klimaendringar når næringsnetta endrar seg og nye artar kjem til.
Heller enn å drøyme om historiske høgder, lyt vi lære oss å leve med – og av – ressursane vi har i dag.
– Det betyr at vi må vere nøye med kva vi tek opp. Vi må fiske dei rette individa frå dei rette områda, og vi må utnytte heile råvara. Vi kan ikkje lenger vere råflotte, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Raske, komplekse endringar, krev ei havforsking som ser økosystemet under eitt.
– Gamle sanningar står for fall. Det inneber at HI må halde fram med å utvikle kunnskapen vår. Vi må gje råd basert på best tilgjengelege kunnskap. Og vi må ta høgde for at usikkerheitene i dag er større enn dei har vore nokon gong før, avsluttar Kvamstø.