Gå til hovedinnhold

Langt mindre lus med oppdrettsanlegg ute i havet


montasje med to fotos, ett av oppdrettslaks, det andre portrett av kvinne med lyst hår og nøytralt uttrykk

– Resultata våre viser at smittepresset går nedover, dess lengre ut frå kysten ein kjem, fortel HI-forskar Mari Fjalstad Jensen. 

Fotograf: Frode Oppedal/HI/Thea Svensson/Bjerknessenteret

Ny studie: Smittepresset på oppdrettslaksen blir kraftig redusert, særleg med nedsenka merdar. 

Det største sjukdomsproblemet i oppdrettsnæringa i dag er lakselusa. Denne vesle parasitten bit seg fast i laksen og kan påføre den både sjukdom og død. 

Sidan oppdrett i all hovudsak føregår i opne merdar langs kysten, kan lakselusa spreie seg fritt mellom merdar, anlegg og ikkje minst; smitta vill laksefisk.  

Dei siste åra har det blitt stadig meir aktuelt å starta opp fiskeoppdrett lengre ute i havet også. 

Men korleis vil smittepresset vera der ute, når desse anlegga kjem i tillegg til det klassiske kystoppdrettet? 

Mindre og mindre lus dess lengre ut ein kjem 

Det er fleire område i Noreg som kan vera aktuelle for havbruk, og i ei fersk studie har havforskarane rekna ut kor stor smitterisikoen vil vera.

Dei aktuelle områda er utanfor Rogaland, utanfor Trøndelag og utanfor Helgeland i Nordland. 

– Vi har brukt avanserte hydrodynamiske modellar og modellar for spreiing av lakselus, for å finne ut kor stort smittepresset vil vera på oppdrettslaks i tenkte anlegg i dei ulike områda, seier forskar Mari Fjalstad Jensen ved Havforskingsinstituttet (HI).  

– Resultata våre viser at smittepresset går nedover, dess lengre ut frå kysten ein kjem, fortel HI-forskaren. 

I området mellom kysten og ut 60 nautiske mil til havs, finst berre mellom 7 og 13 prosent av det samla smittepresset som kjem frå kystoppdrettet. 

Senka merdar senkar smittepresset endå meir 

Men – det er framleis ein del lakselus som kjem ut frå kystoppdrett og vil «treffa» nokre av dei moglege oppdrettsanlegga ute i havet. 

Ei skissert løysing for oppdrettsanlegg til havs er å nytta merdar som blir senka ned under vassoverflata, senka merdar. Men ein har vore usikker på om vertikal blanding av vatn vil transportera lakseluslarvane rett ned til der dei senka merdane står. 
Vertikal blanding er når vassmassar frå overflata og djupet blir blanda saman. Det er ofte meir av det ute i havet enn inne i fjordane.  

Det ser ikkje ut til å vera eit stort problem, fortel forskarane; 

– Dette vil skje hovudsakleg om vinteren. Samtidig er smittepresset høgast om sommaren og hausten, fortel Jensen. – Det er altså berre ein kort tidsperiode på hausten der det er mykje lus i vatnet og samtidig sterk vertikal blanding. 

Med andre ord kan nedsenka merdar redusere smittepresset frå lakselus endå meir. 

Forskarane fann også at dei aktuelle områda i sør har mindre vertikal blanding enn dei i nord. 

– Det kan tyde på at nedsenka merdar kan ha størst effekt i dei sørlege områda, når det kjem til lakselusproblemet, seier HI-forskaren.  

Redusert risiko, men ikkje nulla ut 

 – Studien vår syner at nedsenka havbruk til havs kan ta ned eksponeringa frå lakselus betydeleg, samanlikna med dei klassiske anlegga i fjordane og langs kysten. Men smitterisikoen forsvinn ikkje heilt. Vi treng også å vite meir om korleis anlegg til havs vil bidra til det totale smittepresset, avrundar HI-forskar Mari Fjalstad Jensen. 

Referanse 

Mari F Jensen, Anne D Sandvik, Malthe Hvas, Frode Oppedal, Øivind Bergh, Reduced lice infection pressure at offshore salmon aquaculture sites, ICES Journal of Marine Science, Volume 83, Issue 10, October 2026, doi.org/10.1093/icesjms/fsag194