Gå til hovedinnhold

Lite augepål i Nordsjøen i år igjen


Den vesle torskefisken øyepål

Augepål har hatt fleire dårlege årsklassar på rad.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

ICES la fredag fram sitt kvoteråd for augepål i 2027.

ICES rår om nullfiske av augepål i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat i den komande perioden. 

Augepål er ein kortliva torskefisk, som er viktig i industrifisket og som mat for større fisk. Dei siste åra har det vore lite av han – og av andre fôrfisk, som tobis. 

Dette er tredje året på rad at ICES rår om nullfiske av augepål. 

– Augepål har hatt svake årsklassar frå 2023 til 2026. Sjølv med nullfiske i komande periode er det lite sannsynleg at gytebestanden kjem over kritisk nivå i 2027, seier Bogstad.  

Rådet gjeld for perioden 1. november 2026 til 31. oktober 2027. 

Fangsten i inneverande periode er 1754 tonn, og består berre av bifangst. Dette er den lågaste fangsten i tidsserien for augepål, og er på omtrent same nivå som i 2005.