Gå til hovedinnhold

No kan oppdrettarar få risikovarsel i lomma


Kollasj av tre bilder. Et bilde viser oversiktsbilde av et sjøanlegg md flere merder. Et annet bilde viser en perlesnormanet, som ser ut som en lang og hvit glitterremse. Det tredje bildet er en skjermdump fra Planktonstatus, og viser ikoner for funksjonene identifiser, data og kart.

Planktonstatus kan potensielt verte utvida til å inkludere fleire artar og ha lenger prognosar, om verktøyet vert teke omfattande i bruk.

Fotograf: Erling Svensen, Christine Fagerbakke / HI

Havforskingsinstituttet (HI) lanserer eit nytt verktøy for perlesnormanet-varsel. 

Perlesnormanet-sesongen er på trappene. I år kan oppdrettarane få hjelp frå eit heilt nytt verktøy: Planktonstatus. 

– I Planktonstatus kan oppdrettarar få perlesnormanet-prognose for området rundt sin lokalitet. Dei følgje med på kor stor risiko det er for eit innsig frå maneta dei neste 24 timane, uansett kor dei er langs kysten, seier havforskar Tina Oldham. Ho leier perlesnormanet-prosjektet JellySafe.

Med tidleg varsel kan oppdrettarane førebu seg på dei mogelege følgjene av manetinnsig. 

Kan brenne fisk

I 2023 vart oppdrettsanlegg langs heile kysten ramma av åtak frå perlesnormaneta (Apolemia uvaria). Då var det over 20 år sidan sist ho skapte utfordringar langs norskekysten. 

Truleg døydde 3 millionar fisk som følgje av perlesnormanet-åtak, viste Risikorapporten i 2024. 

Den tidvis langstrekte kolonimaneta er sett saman av fleire individ. Ho vert delt opp i mindre bitar av bølgjer, turbulens og fysiske barrierar – som oppdrettsnøter. Maneta kan såleis trenge gjennom nota, og brenne fisk med den kraftige neslegift si. 

– Oppdrettsfisk er ekstra utsett for åtak, sidan han har avgrensa mogelegheit til å rømme frå perlesnormaneta, seier Oldham. 

Sjølv eit kortvarig samanstøyt med eit lite fragment av perlesnormaneta, kan utvikle seg til sår på fisken.

– Skadar på hovudet vert synlege raskt, og forverrar seg frå dag til dag, seier havforskaren. 

Her kan du lese om korleis brannskadar frå perlesnormanet utviklar seg på fisk i løpet av dei første to vekene etter nærkontakt. 

mann i arbeidsklær med laks på brett foran seg
Angelico Madaro tek prøvar av oppdrettslaks etter manetåtaket på forskingsstasjonen til HI i Austevoll i november 2023. 
Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Lokal manet-melding 

I Planktonstatus kan røktarar sende inn bilete og få bekrefta om det er perlesnormanet dei har ved sin lokalitet. Folk flest skal framleis bruke Dugnad for havet for å melde inn observasjonar. 

I kartet på Planktonstatus kan ein sjå noverande perlesnormanetstatus for kvart produksjonsområde langs kysten. 

– Dette er basert på ein kombinasjon av nyleg innsende observasjonar og spreiingsprognosar frå alle observasjonar dei siste fem dagane, forklarar Oldham.

Fargekodane går frå grønt med låg førekomst til burgunder med ein potensielt kritisk høg førekomst av perlesnormanet. 

Et kart som viser de 13 produksjonsområdene langs kysten i fargekoder etter perlesnor-status. Alle produksjonsområdene er grønne, bortsett fra PO3 som er gul
Terskelverdiane er relative og tufta på data frå tidlegare år. Kritisk nivå betyr ikkje automatisk at fisk vil verte skadd, det tyder at det er potensialet for store mengder perlesnormanet i området. Grønt nivå, på si side, betyr at lite eller ingen perlesnormanet er rapportert.
Kartet er frå 16. oktober 2026, og syner litt forhøga risiko for perlesnormanet-innsig i PO3, der nivået er gult. Resten av kysten er førebels grøn. 

Oppdrettarar kan også knytte ein lokalitet til sin profil, og få SMS-varsel om statusen nær lokaliteten endrar seg. 

– Om røktarane fester sin lokalitet, kan dei også zoome inn og sjå eit varmekart som viser prognosar for tettleiken av perlesnormanet dei neste 24 timane, innan ein radius på 100 kilometer. 

Di fleire røktarar som brukar Planktontstatus, di meir treffsikre vert prognosane. HI har nokre overvakingsstasjonar, men desse kan ikkje gje eit heildekkjande bilete av kysten åleine. 

Har fått meldingar om perlesnormanet frå nord til sør

Korleis året perlesnormanet-sesong vert er endå for tidleg å seie

– Til no, har vi observert perlesnormanet utanfor Austevoll, der vi har vekentlege sjekkar, seier Oldham. 

– Vi har også fått meldingar om perlesnormanet frå Oslo i sør til Tromsø i nord gjennom Dugnad for havet. Flesteparten av desse meldingane er sør for Trøndelag og av isolerte koloniar. 

Er du oppdrettar? Ta i bruk Planktonstatus her. Er du ikkje oppdrettar, men har sett perlesnormanet? Meld inn via Dugnad for havet.  

Om JellySafe

En kollasj med tre bilde av perlesnormanet. Et bilde som vier perlesnormaneta i havet, eit i ei petriskål og eit mikroskopbilete​​​​​​​

JellySafe er leia av Havforskingsinstituttet. 

Prosjektet vart tildelt om lag 35 millionar kroner i støtte frå Fiskeri og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) i 2024 for å granske perlesnormaneta frå A til Å. 

Samarbeidspartnarar er: Sintef, Akvaplan-niva, NIVA, UiB, Patogen, NCE aquaculture og Åkerblå.

I tillegg vil prosjektet hauste erfaringar frå diskusjonsgrupper med medlemmar frå: Bremnes Seashore, Grieg Seafood, Cermaq, Firum, Lerøy, Nordlaks Havbruk, SalMar, Flakstadvåg laks og Mowi ASA.

Les meir om perlesnormaneta her: