Gå til hovedinnhold

Sjå video: Her bestemmer mødrene


En spekkhoggerflokk i Hardangerfjorden. Ryggfinnen til fire individer er synlige i overflaten, og den ene av spekkhoggerne ser man så vidt ansiktet på

Kollektive avgjersler påverkar korleis spekkhoggarane koordinerer seg, fordeler ressursar og reagerer på miljøendringar – og til sist kven som overlever og reproduserer seg.

Fotograf: Carla Freitas / Havforskingsinstituttet

Vaksne hoer tek oftast initiativ til dykk hjå gruppa, syner nye droneobservasjonar frå Hardangerfjorden. 

– Det er dei vaksne hoene som ofte tek initiativ til dei djupe dykka til spekkhogger-gruppa, seier havforskar Carla Freitas. 

I over 80 prosent av fellesdykka til spekkhoggarane i Hardangerfjorden er det ei hoe som tek initiativet. Dei andre i flokken følgjer på – og det kjapt og ryddig. 

Det kan vere ein viktig eigenskap når vilkåra til havs endrar seg. 

I møte med klimaendringar, menneskeleg påverknad eller endringar i mattilgangen, er spekkhoggarane avhengige av raske og effektive avgjersler. 

Då kan tydeleg leiarskap vere ein nøkkel. 

Sjå nokre av dronevideoane og døme på samhandlinga mellom spekkhoggarane:

Hierarkiet

Funna stammar frå drone-observasjonar frå Hardangerfjorden, samla inn frå februar til april i 2025. Resultata er nyleg publiserte i Animal Behaviour. 

– Vi samla til saman 594 minutt dronevideo av dei ulike spekkhoggargruppene, seier marinbiolog Marie-Laure Veys. 

Ho er førsteforfattar på studien, og budde tre månadar i Ulvik i samband med feltarbeidet. Dette var er ein del av hennar masterprosjekt ved Havforskingsinstituttet.

Vestlandsfjordane er populære boltreplassar for spekkhoggarar, og mange av kvalane kjem attende år etter år. 

Spekkhoggarar er sosiale dyr, som lever i velorganiserte grupper – bygde rundt mødrene, med sine døtrer og søner. Men internhierarkiet i gruppene kan vere utfordrande å slå fast. 

– Vi har granska korleis spekkhoggarane fattar kollektive avgjersler og dei meir subtile sosiale samhandlingane mellom dei, seier Veys.  

Kollasj av to bilder. Det ene bildet viser en ung kvinne som er i ferd med å sende opp en fotodrone. Det andre bildet er fra dronen, og er et oversiktsbilde som viser spekkhoggere som svømmer i fjorden.
Marie-Laure Veys understreker at publikasjonen er resultat av eit godt samarbeid, og rosar rettleiarane sine Carla Freitas (HI), Eve Jourdain (Norwegian Orca Survey) og Seán O’Callaghan (Atlantic Technological University, Irland), samt feltpartnar Juliette Berthier.
Foto: Juliette Berthier, Marie-Laure Veys / Havforskingsinstituttet 

14,6 sekund frå første til siste dykk

Forskarane har analysert 45 felles djupdykk hos spekkhoggarane og 274 sosiale samhandlingar mellom dei. 

Hoene er dykkar-sjef i brorparten av fellesdukkertane, syner resultata. 

– Dette støttar hypotesen om at spekkhoggarane ikkje tek desse avgjerslene i fellesskap eller tilfeldig. Leiarskap er knytt til alder og kjønn, og det er ei vaksen hoe som oftast treffer ei avgjersle.  

I omtrent halvparten av tilfella var spekkhoggaren som dykka først plassert i front av gruppa, men i 40 prosent av tilfella gjekk startskotet frå midtlinja. Det viser at leiaren ikkje nødvendigvis er plassert i front, som ein har antatt i tidlegare studiar. 

Når dykke-avgjersla først er teken, følgjer resten på i tur og orden. 

Frå første spekkhoggar trekker pusten og dykkar til den siste gjer det same er snitt-tida 14,6 sekund. 

– Etterslepet er relativt kort, noko som tyder på at det er ei høg grad av samhald i gruppene. Det kan vere eit teikn på at spekkhoggarane har sterke sosiale band til kvarandre, og er koordinerte som ei velsmurt maskin.

To spekkhoggere i overflaten av en fjord. Det er en voksen spekkhogger som er i ferd med å dykke, og bare ryggen og ryggfinnen er synlig. Ved siden av er en kalv, som stikker hodet over vannet
Tidlegare forsking har synt at eldre hoer ofte tek leiaransvar i periodar med matmangel, og bidreg til å overføre lærd åtferd innan ei gruppe. 
Foto: Carla Freitas / Havforskingsinstituttet

Matriarkane

Resultata er ikkje uventa, sidan spekkhoggarar er kjende for å leve i matriarkalske einingar. Dette såg forskarane også att i kontakta mellom kvalane.

Forskarane registrerte 274 sosiale samhandlingar – at det er fysisk kontakt mellom spekkhoggarane eller at dei synkront bryt overflata saman. 

– Mest vanleg var dette mellom vaksne hoer og kalvar.

At dette i hovudsak førekom i mor og kalv-duoar, kan vere eit teikn på at spekkhoggarkalven held seg nær mor for å lære korleis han skal oppføre seg – anten det er sosiale normer, vokaltradisjonar eller matjakt-strategiar. 

Forskarane påpeikar at studien dekkjer eit fåtal spekkhoggarar og ein kort tidsperiode. 

Likevel syner han verdien av å kombinere droneobservasjonar med langsiktig overvaking av kjende individ for å studere dei nyanserte, nære samhandlingane til kvalane. 

– Studien demonstrerer også den sentrale rolla vaksne hoer har i å strukturere den kollektive åtferda til gruppa, og til å halde ved like dei sosiale banda hjå spekkhoggarane, avsluttar Freitas. 

Referanse:

Marie-Laure Veys, Eve Jourdain, Seán O'Callaghan, Juliette Berthier, Carla Freitas. Female-centred decision making and social interactions in killer whales revealed by drone-based observations, Animal Behaviour, Volume 241, 2026. DOI: https://doi.org/10.1016/j.anbehav.2026.123732.