Gå til hovedinnhold

Tilrår fortsatt fiskestopp for lodde i Barentshavet i 2027


Person holder oppe håndfull med lodde

Lodda i Barentshavet er eingangsgytar. Det betyr at fisken døyr like etter gyting.

Fotograf: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

For tredje året på rad tilrår havforskarane stengt loddefiske. 

Årets målingar viser at det var små mengder lodde i Barentshavet og særleg i dei normalt viktigaste beiteområda på og rundt Storbanken. 

– Den modnande bestanden er på det nest lågaste nivået som er registrert sidan dei systematiske målingane starta i 1972. Berre i 1987 var nivået lågare, seier havforskar Georg Skaret. Han er bestandsansvarleg for lodde. 

Bestandssituasjonen gjer at havforskarane tilrår null fiske for 2027. Også for 2026 og 2025 tilrådde forskarane fiskestopp for lodde i Barentshavet.

Ny kollapsperiode for lodde

Små mengder lodde var venta basert på toktresultata frå i fjor. I tillegg var mengda av både umoden lodde og nullgruppelodde langt under langtidsgjennomsnittet. 

– Samla sett viser observasjonane at vi er inne i ein ny loddekollapsperiode og det kan ta tid før bestanden tar seg opp igjen, seier Skaret. 

Slike periodar med låg loddebestand fleire år på rad har vore registrert tre gonger tidlegare, slutten av 80-talet, midt på 90-talet og midt på 2000-talet.

Svake årsklassar etter 2020

Loddeårsklassane etter 2020 har vore svake. I same periode har det vore mykje ungsild i Barentshavet som normalt har negativ innverknad på lodderekrutteringa.

– Sjølv om loddebestanden no er langt nede, har historia vist at han har ein sterk tendens til å kome raskt tilbake dersom forholda ligg til rette for god rekruttering, seier Skaret.

Økosystemtoktet i Barentshavet er den viktigaste kjelda til kunnskap om mengd, fordeling og samansetning av loddebestanden. I år har alle område vore dekt på norsk og russisk side med unntak av Smuttholet.

Den endelege kvota vert fastsett av den norsk-russiske fiskerikommisjonen.