Pigghåbestanden i Nord-Atlanteren var nedfiska, men har betra seg etter over ti år med nullfiske.
Publisert: 07.10.2026
Onsdag la det internasjonale havforskingsrådet (ICES) fram sitt kvoteråd for pigghå dei neste to åra.
Havforskarane tilrår at pigghå-fangstane ikkje overstig 20 124 tonn i 2027. For 2028 er kvoterådet 20 478 tonn.
Begge råda er omtrent 10 prosent lågare enn den tilrådde kvoten for 2026 på 22 594 tonn.
– Fangstane av pigghå i Nordaust-Atlanteren ligg framleis langt under kvoteråda, seier bestandsansvarleg Aurélien Delaval.
I 2025 vart det fiska 4961 tonn pigghå i Nordaust-Atlanteren, inkludert utkast.
Historisk har pigghå vore ettertrakta for leverolje og fiskekjøt, og det verdifulle fiskeriet førte til at bestanden vart nedfiska. Mellom 2010 og 2022 anbefalte ICES difor nullfiske av pigghå.
Dei siste åra har bestanden vist teikn til forbetring, og sidan 2023 har havforskarane anbefalt å opne for pigghåfiske.
ICES har vidare gjeve kvoteråd for håbrann.
For perioden 2027 til 2030, rår havforskarane om at dei årlege fangstane ikkje overstig 185 tonn. Det er ein nedgang frå 231 tonn, som ICES tilrådde for 2026.
ICES har gjeve eit kvoteråd, men det er framleis ulovleg å fiske håbrann i dei aller fleste land.
– Håbrann er framleis totalfreda både i Noreg og EU. Om ein får levedyktig håbrann som bifangst eller i fritidsfiske, skal han verte sleppt fri, seier Delaval.