Frå venstre: Nils Gunnar Kvamstø (HI), Christer Hogstrand (King's College London), Anna Rindorf (DTU Aqua), Kristina Sundell (Universitetet i Gøteborg), David Stephenson (University of Exeter) Jeremy Tandy (MetOffice), Katrin Vorkamp (Aarhus universitet)
Fotograf: Stine T. HommedalPublisert: 08.09.2026 Oppdatert: 10.09.2026
Havforskingsinstituttet (HI) sitt faglege råd (Scientific Advisory Board) er eit uavhengig organ som gir Havforskingsinstituttet råd om fagleg utvikling, oppgåver, rammer og strategi. Det består av internasjonale ekspertar.
I år inviterte havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø rådet til Tromsø, kor HI har si største avdeling utanfor hovudkontoret i Bergen, til to septemberdagar med drøftingar og innspel.
– Det er alltid nyttig å bli sett i korta utanfrå av dyktige fagfellar. Vi har fått gode innspel og nye perspektiv med oss allereie, fortel havforskingsdirektøren.
Han er også godt nøgd med den fysiske plasseringa for rådssamlinga.
– Det overordna temaet for samlinga er klimabasert rådgjeving, og vi tek samtalen her, i den arktiske hovudstaden. Det understrekar både kor aktuell og, ikkje minst, nær oss klimakrisa er.
Medlemane i det faglege rådet er alle fagfellar frå internasjonale samarbeidsinstitusjonar.
Fleire av ekspertane kjem med sine ulike perspektiv på den overordna problemstillinga om scenariobasert rådgjeving.
Det er havforskingsdirektøren som oppnevner rådet og fastset mandatet for rådet sitt arbeid.