Gå til hovedinnhold

Kartlegg åtte brefjordar på Svalbard


Seks studenter i arbeidstøy står ved et sorteringsbord og sortere fangst

Studentane på toktet deltek aktivt i fire arbeidsgrupper, som dekkjer dyreplankton, maneter, fisk og oseanografi

Fotograf: Kjell Nedreaas / Havforskingsinstituttet

Kryr det av torskeyngel i dei arktiske fjordane? Havforskarane sjekkar.

– Under prøvetoktet på vestkysten av Spitsbergen i 2024, fekk vi høgare fangstar av torskeyngel enn det vi får langs fastlandskysten. Samstundes stadfesta toktet førekomsten av to genetiske typar torsk, seier havforskar Kjell Nedreaas.

No er havforskarane tilbake i brefjordane på Svalbard.

Føremålet er å kartlegge artslivet i fjorden – då kan vi også oppdage om noko endrar seg.

Kollasj av to bilder. Det ene bilde viser at en småbåt blir heisa ned frå et større forskingsfartøy til fjorden. Det andre bildet viser en forsker i arbeidsklær som skal til å sette ut en åleruse fra småbåt
Under pilottoktet i 2024, var både torskeyngel og småulker vanlege i fangstane, medan polartorsk enkelte stadar førekom i betydelege mengder. 
No er forskarane på tokt igjen, for å kartlegge fiskefaunaen i fjordane på Svalbard. 
Foto: Kjell Nedreaas / Havforskingsinstituttet

Fiskefauna i eit varmare Arktis

Forskarane om bord forskingsfartøyet FF «Helmer Hansen» har kartlagt åtte fjordområde rundt Spitsbergen og Nordaustlandet.

Toktet er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og UiT Norges arktiske universitet.

HI sitt hovudmål er å kartlegge oppvekstområde for torsk på grunne område i fjordane på Svalbard, supplert med botntråling og pelagisk tråling av UNIS.

– Toktet kan blant anna gi oss ny verdifull kunnskap om fiskefauna og torskerekruttering i Svalbard-fjordane.

Arktis vert varma raskt opp. Det fører til at meir varmekjære atlantiske artar driv nordover, og tilførsla av næringsrikt smeltevatn til brefjordane aukar.

– Dette stimulerer planktonproduksjonen og skapar viktige oppvekstområde for fiskeyngel, seier Nedreaas.

torskeyngel i Wijdefjorden på nordsida av Spitsbergen den 25. august
Under toktet brukar forskarane standard åleruser, same metode som har vorte brukt langs norskekysten sidan 2013.
Her er torskeyngel i Wijdefjorden, på nordsida av Spitsbergen. 
GIF: Havforskingsintituttet

Testar videorigg for mengdeberekning

Toktet samlar forskarar ogteknikarar frå UNIS, UiT og HI, og 14 stipendiatar og masterstudentar frå UNIS, UiT, NORD, UiA, UiO og fleire europeiske universitet.

Dei gjennomfører ei omfattande innsamling av oseanografiske data, plankton- og fiskedata ved hjelp av CTD, plankton-nett, pelagisk trål, botntrål, åleruser og undervassvideo (BRUV).

– På toktet kan vi også vidare teste bruken av undervassvideo for å dokumentere artar og leveområde og forhåpentlegvis mengdeberekne fisk og andre organismar, seier Nedreaas.