Gå til hovedinnhold

Over tre grader varmare enn normalen rundt Svalbard


Utsikt fra broen på et fartøy, som viser opent hav i horisonten

Årets økosystemtokt i Barentshavet er i gang. 

Fotograf: Foto: Elena Eriksen / Havforskingsinstituttet

Havforskarane kartlegg tilstand for økosystemet i Barentshavet. 

Årets sommar har bydd på kontrastar. 

Vestlendingane opplevde marin kuldebølgje, medan det på Svalbard har vore rekordvarmt: 

– I juli var havoverflata rundt Svalbard meir enn tre grader varmare enn normalen, seier oseanograf Randi Ingvaldsen. 

Nokre av dei raskaste og kraftigaste klimaendringane på kloden skjer nettopp i Barentshavet. Havområda rundt øygruppa vert oftare enn før påverka av marine varmebølgjer.

Her er havforskarane no på tokt for å kartlegge tilstanden til økosystema. 

kollasj som viser personer som sorterer bentos og et nærbilde av dyreplanktong
På G.O. Sars er vi i full gang med å sortere botndyr (til høgre). Til venstre er hoppekrepsen blååte (Anomalocera patersonii).
Foto: Johanna Myrseth Aarflot / Havforskingsinstituttet

Vilkåra endrar seg

Det internasjonale økotoktet er eit årleg tokt, som har føregått sidan 2004. Over seks veker, dekkjer fire forskingsfartøy Barentshavet frå topp til botn, og samlar inn enorme mengder data. 

Data vert brukte inn i ressursrådgjevinga for kommersielt viktige bestandar som nordaustarktisk torsk (skrei), lodde og norsk vårgytande sild. 

Samtidig går dei inn i forskinga og forståinga vår av klimapåverknad og dei komplekse samhandlingane og prosessane i økosystemet. 

– Stabil og systematisk datainnhenting er meir verdifull enn noko sinne, sidan vilkåra i havet er i endring, seier toktleiar Elena Eriksen. 

– Dei oseanografiske målingane våre frå Barentshavet byggjer på meir enn 100 år gamle dataseriar. Dei lengste biologiske dataseriane våre går heilt tilbake til 1950-talet. 

Stasjonskart som viser at hele Barentshavet blir dekket
Dette er dei planlagde stasjonane fore Barentshavets økosystemtokt i 2026. Forskingsfartøya FF GO Sars (GOS 1 og 2), FF Johan Hjort (JH1 og 2), FF Helmer Hanssen (HH) og russiske FF  Vilnyus er koordinerte og samkøyrde. 
Kart: Havforskningsinstituttet

Rådata frå hav til land

For første gong, kan også årets økotokt sende sanntidsdata direkte til land. 

– Rådata frå ekkolodd og frå trålmonitorane vert fortløpande sende og lagra i skya. Der kan brukarane kvalitetssikre og analysere dataa i nær sanntid, seier toktleiaren. 

– Dette er eit viktig steg i HI si digitalisering, og i arbeidet vårt for å sikre at dataa våre er aktuelle og tilgjengelege. 

to menn ser på en dataskjerm
Her held Jan Frode Wilhelmsen og William Skjold på med kalibrering av akustikk og tråltestar, slik at alt er klart til første innsamlingsstasjon. 
Foto: Elena Eriksen / Havforskingsinstituttet