Steinbitane ligg tett i kara utan å krangle med kvarandre.
Fotograf: HavforskningsinstituttetTuren frå Loppa til Melkøysundet er inga problem for fiskane når dei har tilgang på gode mengder friskt sjøvatn.
Fotograf: HavforskningsinstituttetForsker Esben Moland Olsen i gang med merking av bedøvet steinbit, mens nestemann venter på tur.
Fotograf: HavforskningsinstituttetHer blir steinbiten overført frå ventekar til bedøvingsbad før merking.
I 2026 blei steinbitane haldne tilbake og fôra i spesialbygde bur i ei drøy veke.
Fotograf: HavforskningsinstituttetEtter operasjonen går turen til venteburet.
Fotograf: HavforskningsinstituttetSteinbiten blir plassert i venteburet.
Fotograf: HavforskningsinstituttetDei ulike bura blir heist opp til overflata for inspeksjon og fôring.
Fotograf: HavforskningsinstituttetFiskar Rudi Naustvik-Vest med båten «Aurora» bistod med fangst, transport og levandelagring av steinbitane før utsett i Melkøysundet.
Fotograf: HavforskningsinstituttetPublisert: 10.09.2026
No er ni av fiskane registrert på same stad i år igjen.
– Det interessante er ikkje berre at fleire av steinbitane vert verande, men at fisk som forsvinn ut om vinteren, kjem tilbake, seier havforskar Hans Kristian Strand.
Éin fisk heldt seg i dei kunstige tareskogane heile overvakingsperioden. Åtte steinbitar drog på vintervandring i tre månadar eller meir – før dei så dukka oppatt igjen.
– Det tyder på at Melkøysundet kan ha vorte ein del av leveområdet deira, sjølv om dei føretek sesongmessige vandringar.
Flytteforsøket er ein del av innsatsen for å restaurere tareskogane langs kysten av Troms og Finnmark.
Her har kråkebollar forvandla produktive tareskogar til ein nedbeita ørken, og slik har tilstanden vore i fleire tiår. Det er i tareskogen fiskeyngel gøymer seg, finn mat og veks til.
Men gråsteinbit kan vere ein del av løysinga – for kråkebollar står høgt på menyen hos den kraftige rovfisken.
– Historisk var gråsteinbit vanleg i mange nordnorske fjordar, men lokale bestandar har vorte kraftig nedfiska. I praksis, prøver vi å tilbakeføre steinbiten til område kor han tidlegare har hatt ein viktig funksjon som naturleg predator, seier Strand.
Dei førebelse omplasseringsresultata er lovande.
– Vi har vist at det er mogeleg å fange, transportere og setje ut steinbit, og at ein betydeleg del ser ut til å akseptere det nye området.
Resultata byggjer også vidare på eit tidlegare forsøk i Olderfjorden i Porsangerfjorden. Der vart 20 gråsteinbit følgde med akustisk telemetri, og opptil 40 prosent var framleis fjorden då overvaking vart avslutta.
Det er endå ikkje dokumentert at dei flytta steinbitane i Melkøysundet har redusert talet kråkebollar eller ført til ny tareskog – det vil krevje undersøkingar over fleire år.
– Det neste store spørsmålet er om vi kan oppnå høg nok lokal tettleik til at steinbitane faktisk påverkar økosystemet. Det er dette vi no må dokumentere, seier havforskerkollega Esben Moland Olsen, som er ansvarleg for merking av fisk og analyse av data frå mottakarane.
I Melkøysundet undersøker vi no om tilvenning og fôring kan få endå fleire steinbitar til å verte verande innanfor det avgrensa område, der dei vert sette ut og overvaka.
– I staden for at alle fiskane vert sette direkte ut, held vi enkelte tilbake i bur på sjøbotnen. Der får dei mat og tid til å venne seg til vassmassane, botnen og omgjevnadane før vi slepp dei fri, forklarar Strand.
Kamera let dei følgje med på korleis fiskane et og oppfører seg når fleire individ oppheld seg saman.
Forsøket skal vise om ei kort periode med akklimatisering og fôring gjev dei merkte steinbitane sterkare stadstilhøyrsle enn dersom dei verte sette direkte ut.