Gå til hovedinnhold

Kristine Bonnevie


Kristine-Bonnevie.jpg

«Kristine Bonnevie» blei bygt i 1993 som den andre «Dr. Fridtjof Nansen». I 2016 blei fartøyet overført frå Norad til Havforskingsinstituttet og gjennomgjekk då ei omfattande ombygging og oppgradering for bruk i norske farvatn. Fartøyet blir brukt av både HI (67 %) og UiB (33 %), primært i Nordsjøen, Norskehavet og langs norskekysten til både studenttokt, økosystemtokt og snitt-tokt.

I dag framstår skipet meir likt forskingsskipa «G.O. Sars» og «Johan Hjort» som er bygt på same verft. «Kristine Bonnevie» har fått eit nytt EK 80, som er neste generasjons ekkolodd og går på breiband. I tillegg er båten utstyrt med naudsynte vinsjar, kranar og anna utstyr som trengs under forskingstokta. Byssa vart fornya under ei ombygging i 2020, og 4-mannslugarane blei bygt om til 2-mannslugarar. Fartøyet fekk også installert ny akselgenerator, ny eining for behandling av ballastvatn og ny varmtvasskjele.

«Kristine Bonnevie» går i hovudsak kysttokt, men kan også gjennomføre tokt i ope hav og i nord. I all hovudsak skal båten kartlegge, observere og drive feltarbeid på levande kystressursar og studere effektar av menneskelege aktivitetar som fiskeri, akvakultur, gruvedrift og anna. Med jamne mellomrom tar fartøyet seg òg av opptak og utplassering av stasjon M-bøya i Norskehavet.   

Fartøyet er oppkalla etter Kristine Bonnevie (1872–1948) som i 1912 vart utnemd til Noregs første kvinnelege professor. Bonnevie starta sin akademiske karriere som ung student innan marinbiologi. Ved Zoologisk laboratorium, Universitetet i Kristiania, blei Georg Ossian Sars hennar inspirator og mentor. Og i 1895 sampubliserte ho delar av det omfattande materialet som var samla inn på Den norske nordhavsekspedisjonen med dampskipet Vøringen med Johan Hjort.