Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat


Brislingstim

Brisling (Sprattus sprattus)

Fotograf: Erling Svensen
Anbefalt kvote 2026-2027
≤ 82 822
tonn
Anbefalt kvote 2025-2026
≤ 236 114
tonn
Avtalt kvote 2025-2026
236 114
tonn

ICES sitt råd 

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten frå 1. juli 2026 til 30. juni 2027 ikkje overstig 82 822 tonn. 

Historisk bestandsutvikling 

Biomassen av gytebestanden (SSB) per 1. juli er estimert til å ha vore over MSY Bescapement etter 2013. Fiskeridødeligheita har variert mellom 0,79 og 1,92 dei ti siste åra, bortsett frå i 2023-2024 då F var på 2,1. Rekrutteringa (R) i 2025 er estimert til å vere 13% lågare enn gjennomsnittet siste tiåret. 

Bestandens tilstand 

ICES vurderer storleiken på gytebestanden til å vere over MSY Bescapement, Bpa, og Blim

Venta bestandsutvikling 

Bakgrunn 

Fangst 2026-2027 (tonn) 

F(1-2) 2026-2027 

SSB 1. juli 2027 (tonn) 

% endring i SSB* 

% endring i TAC** 

% endring i råd*** 

SSB2027 ≥ MSY Bescapement med Fcap 

82 822  

0,71 

167 855 

14 

-65 

-65 

* SSB 1. juli 2027 samanlikna med SSB 1. juli 2026 
**TAC for 2026-2027 samanlikna med TAC for 2025-2026 
*** Råd for 2026-2027 samanlikna med råd for 2025-2026 

Nedgangen på 65 % i tilrådd fangst skuldast at rekrutteringa er redusert til eit nivå observert i perioden 2020-2023. 

Kvaliteten på bestandsvurderinga 

Bestanden var gjennom ein metoderevisjon i 2025, med vesentlege endringar i både data og modellkonfigurasjon.  Den sterke 2024 rekrutteringa blei nedjustert, noko som indikerer uvisse i dei siste årsklasse-estimata. 

Saker relevant for rådet 

Brisling er eit viktig byttedyr i Nordsjøen, og den naturlege dødeligheita frå fleirbestandsmodellen SMS blir nytta i bestandsvurderingsmodellen og inkluderer predasjon frå fleire typar sjøfugl og rovfisk (for eksempel makrell og kviting). 

Rådet er basert på ein MSY «escapement strategy» med ein Fcap, som er avhengig av ein prediksjon av SSB etter at fisket har funne stad. Rekruttar frå føregåande år utgjer ein stor del av den predikerte gytebestanden, og både mengda av desse og kor stor del av dei som er moden på gytetidspunktet er ukjent. Dette bidreg til prognose-usikkerheit, men denne vert dempa av Fcap. 

Den realiserte fiskeridødeligheita er ofte høgare enn fiskeridødeligheita nytta for å gje råd (Fcap). Dette mønsteret vart også observert når rådgjevingsregelen for «escapement strategy» blei evaluert. Trass i avvik mellom forventa og realisert fiskeridødeligheit, vart strategien vurdert som passande for å gje råd. 

Evalueringa av forvaltningsstrategien (MSE) for denne bestanden har ikkje teke omsyn til mellomårleg kvotefleksibilitet. Å implementere ein slik praksis, som fiskeriet gjer i dag, vil difor ikkje vere føre-var. 

Grunnlaget for bestandsvurderinga 

ICES bestandskategori: 1 

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS) 

Nøkkeltal 

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 77 157 tonn 
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 99 842 tonn 
Forvaltingsgrense for gytebestand (MSY-Bescapement): 99 842 tonn 
Øvre grense for fiskeridødeligheit (Fcap): 0,71 
Venta fiskeridødeligheit i juli 2026- juni 2027: 0,71 
Venta gytebestand 1. juli 2027: 167 855 tonn 

Standardplott

standardplottet for havbriling
Brisling i ICES Division 3.a og Subarea 4 (Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat). Samandrag av bestandsvurderinga. Årstala refererer til modellåra (for eksempel vil “2024” vere perioden juli 2024 til juni 2025); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli. Den lysare farga rekrutteringa for 2026 og det diamantforma SSB-punktet for 2026 er predikerte verdiar. Fangstar for 2025 (lysare farga søyle) er foreløpige og inkluderer fangstar fram til 1. mars 2026. 

 

Les heile det tekniske kvoterådet hjå ICES.