Avtalt kvote 2026: i tråd med forvaltningsplanen signert desember 2025.
Publisert: 30.04.2026
ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten i 2027 ikkje bør overstige 396 680 tonn.
I fisket etter nordsjøsild vert det også teke noko vest-baltisk vårgytande sild (WBSS), ein bestand som er under Blim. Det bør vere nullfangst av WBSS i 2027 om fisket skal vere i tråd med ICES rådet for denne bestanden. Ein kan unngå fangst av WBSS om ein let vere å fiske i den austlege delen av ICES div. 4.a og 4.b, samt heile div. 3.a.
Fiskepresset på bestanden er lågare enn FMSY, og gytebiomassen er over MSY Btrigger, Bpa og Blim.
|
Bakgrunn |
Fangst 2027 (tonn) |
F(2-6) i 2027 |
Gytebestand i 2027 (tonn) |
% endring i gytebestand* |
% endring i kvote** |
% endring i råd*** |
|
2025 Forvaltningsplan |
396 680 |
0,23 |
1 285 428 |
-14,6 |
21 |
38 |
* Gytebestand i 2027 samanlikna med gytebestand i 2026
** Antatt fangst i 2027 samanlikna med kvote i 2026
*** Råd for 2027 samanlikna med råd for 2026
Oppgangen på 38 % i fangstrådet skuldast oppjusteringa av estimert bestandsstorleik og som eit resultat eit råd basert på ei høgare fiskeridødeligheit.
SSB er oppjustert i 2026 bestandsvurderinga samanlikna med bestandsvurderinga frå 2025. Denne endringa er delvis forårsaka av høge toktestimat frå HERAS-toktet. Ein auka bestandsstorleik resulterer vidare i ei nedjustering av fiskeridødeligheit.
Forvaltningsplan og overgang til ein-flåte-scenario. Etter evalueringa av haustingsreglar frå WKMSEHerring frå 2025, har Storbritannia, EU og Noreg i fellesskap vorte samde om ei forvaltningsplan for nordsjøsild. Forvaltingsprosedyren i forvaltningsplanen nyttar ein enkelt flåte, og den nye forvaltingsprosedyren gjer at ein ikkje lenger treng utrekningar for fleire flåtar. Som eit resultat er alle utrekningane for fangstscenarioa presentert i rådet baserte på estimat for éin flåte.
Auke i tilrådd fangst. Fangstrådet for 2027 er ein auke på 38 % samanlikna med fangstrådet for 2026 (MSY-tilnærming), og 21 % samanlikna med kvoten (TAC) for 2026, som var basert på den avtalte forvaltningsplanen med ei avgrensing på -20 % for år-til-år endring i TAC. I år vart ikkje denne TAC-avgrensinga brukt, sidan auken i tilrådd fangst samanlikna med fjorårets kvote er mindre enn 25 %.
Låg rekruttering dei siste åra og høgt fiskepress på ungsild i 2025. Bestanden har vore i ein lågproduktivitetsfase sidan 2002. Rekrutteringa i 2026 er estimert til å liggje under gjennomsnittet for dei siste ti åra. Fiskepresset på ungsild i 2025 er estimert til å vere det høgaste i løpet av denne ti-årsperioden.
Gytekomponentar. Fleire gytekomponentar vert fiska uavhengig av kvarandre på gytefelta og i eit blanda fiske i den sentrale og nordlege delen av Nordsjøen. Ein underkvote (sub-TAC) er fastsett for div. 4.c og 7.d for å verne Downs-silda, som no er den største komponenten i bestanden.
Fangstar av WBSS-sild i nordaustre delar av Nordsjøen krev nye forvaltingstiltak. ICES tilrår nullfangst av WBSS-sild. Fangsten av WBSS i Nordsjøen i 2025 er estimert til 1 250 tonn, som er lågare enn estimata for dei føregåande åra (i gjennomsnitt 4 023 tonn i perioden 2022-2024). Denne nedgangen skuldast ei betre beskriving av bestandssamansetjinga, som følgje av ein auke i genetiske prøvar frå kommersielle fangstar, men fangsten i Nordsjøen utgjer framleis den største delen av WBSS-fangstane. Utan ytterlegare avgrensingar på sildefisket i Nordsjøen vil fangst av WBSS i dei austlege delane av div. 4.ab vere uunngåeleg, noko som vil forseinke gjenoppbygginga av WBSS-bestanden.
Utkast. Urapportert utkast av sild i botnfisket i den sørlege Nordsjøen og den Engelske kanal er observert dei siste åra. ICES har ikkje klart å kvantifisera omfanget av utkastet, men det er rekna for å vere ubetydeleg totalt sett.
Grusbotn er eit avgjerande habitat for sildegyting. Aktivitetar som har negativ påverknad på sildegytinga, bør ikkje gjennomførast utan at effektane er vurderte og vist å ikkje vere skadelege for produktiviteten i bestanden. Aktivitetar som dumping av mudringsmassar, utvinning av marine massar (t.d. grus og sand) og plassering av installasjonar som vindturbinar i nærleiken av gytefelta, er kjende for å påverke gytesuksessen til sild negativt og gjev difor grunn til uro.
ICES bestandskategori 1
Bestandsvurderingstype: Alders-strukturert analytisk bestandsvurderingsmodell (SAM)
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 828 874 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 1 049 521 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY Btrigger): 1 100 000 tonn
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,23
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,23
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,23
Tiltaksgrense i forvaltningsplan (BMGT): 1 000 000 tonn
Venta fiskedødsrate F(2-6) i 2026: 0,168