Tema: Dyr på djupt hav - Mesopelagiske ressursar

  • Astronesthes sp3. Leif Nøttestad.jpg
    Fotograf: Leif Nøttestad
  • C:\Users\kjersti\Desktop\Dyphavsfisken Gymnoscopelus hintonoides med enorme øyne. Leif Nøttestad.jpg

    Dyphavsfisken Gymnoscopelus hintonoides med enorme øyne. 

    Fotograf: Leif Nøttestad
  • C:\Users\kjersti\Desktop\Laksesild lysverket Erlend.jpg

    Laksesild.

    Fotograf: Erlend Astad Lorentzen
  • hoggormfisk.jpg

Fisk og dyr som lever på 200 til 1000 meters djup blir kalla mesopelagiske. Det finst truleg meir enn 10 milliardar tonn av desse artane globalt.  

Alle verdshava har ei mesopelagisk sone, men det varierer kor fiskerike dei er. Berekningane av kor mykje mesopelagisk fisk og andre organismar det er i verdshavet svingar. Tidlegare har ein rekna med at det har dreidd seg om om lag 1 million tonn av desse ressursane globalt. Nyare undersøkingar har endra på dette biletet. Det er no mykje som tyder på at anslaga må oppjusterast kraftig – truleg til 10 milliardar tonn, eller meir.

Under samleomgrepet «mesopelagiske organismar» finn vi ei rekke fiskeslag, som lysprikkfisk og laksesild, i tillegg til ei rekke ulike evertebratar. Evertebratar er artar som blekksprut, blautdyr; til dømes maneter; plantoniske krepsdyr som reker og kril, for å nemne nokre.

I tillegg er det ein del artar som allereie i dag blir hausta, som også fell innunder gruppa mesopelagiske artar. Til dømes uer, lysing og ulike skaldyr som djupvassreke.

Manglar kunnskap

Mesopelagisk fisk og dyr er små, toler lite og går fort i oppløysing. Det er difor krevjande å forske på desse artane. Dei finst langt ut i havet og lever langt ned i det mørke havdjupet. Dei kan difor ikkje overvakast gjennom alminnelege forskingstokt- og fangstdata. Det trengst dedikerte undersøkingar over langt større område, og spesialtilpassa prøvetakingsutstyr.

Vi veit ein del om dei mesopelagiske samfunna, men det er mykje kunnskap vi manglar. Det har så langt heller ikkje lukkast å drive kommersielt fiske etter mesopelagisk fisk i stor skala, men det blir gjort forsøk på prøvefiske til dømes frå Island og Sør-Afrika, og jamvel i Noreg.

HI satsar på mesopelagiske artar

Havforskingsinstituttet har mesopelagiske ressursar som satsingsområde. Vi forskar for å få meir kunnskap om mangfaldet i det mesopelagiske dyresamfunnet, og kva rolle dei ulike artane spelar i økosystema i havet.

Denne kunnskapen er viktig for å kunne vurdere effektar av hausting på dei marine økosystema, og kor mykje det kan haustast av desse ressursane i ulike område. Dersom det skal utviklast fiskeri må vi òg finne ut kor det er størst konsentrasjonar av artane, og utvikle fangst- og prosesseringsteknologi. Dette må skje gradvis, først gjennom forsøksfiske, og utvidast gradvis innanfor ansvarlege og berekraftige rammar.

Mesopelagisk til middag?

Tradisjonelt har ein ikkje tenkt at mesopelagisk fisk eignar seg som menneskemat. Men det er ein stor og aukande etterspurnad etter marint fett og protein som råstoff i matproduksjon og i produksjonen av fiskefôr til oppdrett av til dømes laks og aure.