Gå til hovedinnhold

Fann fullt av mikroplast mellom fiskeegga


mikroplast med skrift på bildet 2

Under mikroskopet ser forskaren tydeleg dei fargerike plastfibera som flyt mellom organisk materiale som algetrådar og dyreplanktonet raudåte (2,5 millimeter lange). Biletet er forstørra 8 gongar, og den blå mikroplasttråden er 14 mm lang.

Fotograf: Terje van der Meeren / Torhild Dahl

Då forskar Terje Van der Meeren skulle undersøkje kor mykje fiskeegg der var i Repparfjorden i Finnmark, var det mikroplast i om lag 25 % av prøvene han drog opp frå fjorden.

Forskar Terje van der Meeren filtrerer store mengder sjøvatn på jakt etter fiskeegg. Han senkar ein svær håv ned til 50 meters djup, og dreg håven rett opp gjennom vatnet. Kvar gong filtrerer han om lag 12 kubikkmeter vatn, og i botnen av håven samlar det seg fiskeegg, algetrådar, dyreplankton og anna biologisk materiale. I det siste har van der Meeren lagt merkje til at der er meir enn biologisk materiale i prøva, og han finn merkelege, fargerike trådar mellom fiskeegga.

– Dette er fiber, eller tynne trådar som ser ut til å vere av plast. Anslagsvis vil eg seie at det er slike fiber i ein fjerdedel av håvtrekka. Eg ser det når eg legg prøvene under mikroskopet, seier han.

Van der Meeren forskar eigentleg på fiskeegg og yngel, og han jobbar mellom anna med å kartlegge følgjene av gruvedrift for torsken i Repparfjorden i Finnmark. Van der Meeren understrekar at mikroplast ikkje er hans forskingsfelt, og at han ikkje har gjort ei eksakt oppteljing, men han kan likevel skilje plastfiber frå andre fiber når han ser på dei under mikroskopet.

Millimeterlange fargerike trådar

– Eg brukar å zoome inn og sjå om det er cellestruktur, for det kan jo vere algetrådar eg ser. Viss ikkje det er cellestruktur så er det nærliggande å tru at det er plast. Det er lite som er naturleg der ute i dei klare fargane, seier han.

Under mikroskopet ser van der Meeren trådar i ulike fargar. Dei er berre nokre få millimeter lange, og kan vere grøne, blå, grå, raude eller klart gule. Nokre er stive, og nokre er krølla saman, og i tillegg ser han noko som kan vere fiber frå treverk eller papir.

Van der Meeren finn mikroplast i egghåven andre stader i landet også, men ikkje i fullt så store mengder. Mellom anna ser han mikroplast i prøvene han tek ved Smøla. Ein må ta høgde for at nokre av plastfibrane kan kome frå arbeidstøy og tauverk om bord, men der er også trådar som ikkje samsvarer med fargen på verken tauverk eller klede som nyttast under innsamlinga av egg.

Terje van der Meeren samlar inn fiskeegg ved å dra ein finmaska håv opp gjennom vannsøyla. Håven blir dratt opp frå 50 meters djup, og han filtrerer 12 kubikkmeter vatn kvar gong. I botnen av håven samlar det seg fiskeegg, algetrådar, dyreplankton og anna biologisk materiale, men også mikroplast. (Foto: Terje van der Meeren, Havforskningsinstituttet)

 

Bjørn Einar Grøsvik er også forskar ved HI, og han har nettopp mikroplast som eit av sine ekspertområde. Han synes observasjonane til kollega van der Meeren er interessante.

– Viss 25 prosent av prøvene inneheld plastfiber, så er det mykje. Det er klart at vi gjerne skulle visst meir om dette. Kva type plast er dette, kvar kjem det frå, er dette lokal forureining eller er det eit meir generelt fenomen, og kva følgjer har plasten for livet i havet? Spørsmåla er mange, seier han.

Bygger opp ein mikroplastlab

Det meir vitskaplege arbeidet med mikroplast er under full oppbygging på Havforskningsinstituttet, og i slutten av mai vil ein ny mikroplastlab stå klar. Laboratoriet vil mellom anna ha eit mikroskop som kan analysere innhaldet i mikroplastpartiklar ned til fem mikrometer. Dette vil kunne gi betre svar på kva som nøyaktig er i prøver av den typen som vart gjort i Repparfjorden.

– Då kan vi skanne fiberen og seie kva kjemisk samansetning og nøyaktig kva plastpolymer det inneheld. Den nye labben kan altså gi oss betre svar på kva type plast vi har funne, og gi oss ein betre peikepinn på kvar dette materialet stammar frå. Dette vil bli eit godt verktøy for å finne ut kva som flyt i sjøen, seier han.

Begge forskarane er urolege over mengda av mikroplast som blir funne.

– Eg er bekymra for at vi ikkje har nok kunnskap om omfanget av problemet. Viss vi held fram med å tilføre havet så mykje plast og mikroplast som vi gjer i dag, så blir det kanskje for seint å gjere noko med det. Vi kan ikkje fjerne det frå havet igjen, seier Grøsvik.