Gå til hovedinnhold

Dette veit vi om iskantsona


iskantgif

Iskantsona er eit sårbart økosystem i overgangen frå is til ope hav. Her frå tokt i Vesterisen. Foto: HI

Kunnskapsgrunnlaget vårt bygger på lange tidsseriar, årlege økosystemtokt og ressursovervaking. I denne nyheitsoppsummeringa kan du lese meir om det vi veit om den sårbare iskantsona. 

Forvaltingsplanen for Barentshavet og Lofoten er revidert, og vert behandla i Stortinget denne våren.

Havforskingsinstituttet er ein del av Fagleg forum, ei statleg, rådgjevande gruppe av forskarar og forvaltarar, som leverer kunnskapsgrunnlaget til forvaltingsplanane for norske havområde.   

Forvaltingsplanen for Barentshavet 

Forvaltingsplanen legg dei overordna rammene for eksisterande og ny verksemd i havområdet, og sameksistens mellom næringar som fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd. 

I planen vert grensene for iskanten og iskantsona definerte. 

HI anbefaler å revidere grensa til 0,5 isfrekvens 

Iskanten varierer gjennom månadane, og mellom år. I gjeldande forvaltingsplan er grensa for iskantsona trekt ved 30 prosent isfrekvens. 

For å sikra det verdifulle og sårbare økosystemet i iskantsona, har vi saman med Norsk Polarinstitutt anbefalt å revidere grensa til 0,5 isfrekvens. 

Dei oransje linjene viser kor iskanten (15 % iskonsentrasjon) låg alle dagane i april 2019 (kjelde: NSIDC). Dei blå og kvite linjene viser isfrekvens (1988-2017) for april (kjelde: Norsk Polarinstitutt), medan dei grå og raude linjene og felta viser petroleumsområder og lisensar (kjelde: Norsk Petroleum).

Vårt kunnskapsgrunnlag 

HI sitt kunnskapsgrunnlag bygger på fleire kjelder, deriblant: 
•    Årlege økosystemtokt i Barentshavet og andre tokt i nordområda
•    Ressursovervaking av ulike fiskeartar og andre marine artar, sel- og kvalteljingar m.m. 
•    Fleire lange tidsseriar, blant anna temperaturovervakingar tilbake til 1950

Krevjande risikovurderingar 

Å gjere risikovurderingar av korleis menneskelege aktivitetar nær iskantsona kan påverka miljø eller dyreliv negativt, er vanskeleg, då det er stor usikkerheit knytt til dette. 

Som det vert presisert i Fagleg forum sitt grunnlag for revisjon av forvaltingsplanen for Barentshavet, er det gjort få faktiske analyser av drift av oljesøl inn mot is. Ein har også få erfaringar frå før med hendingar der olje har gått inn i is. 

Dette gjer at det er krevjande å risikovurdere konsekvensane av eit eventuelt oljeutslepp i iskantsona. 

Nøkkelart i iskantsona: Polartorsken er viktig mat for fisk, sjøfugl og sjøpattedyr. Foto: Erling Svensen/HI 

Våre nyaste saker om iskantsona 

Her kan du lese dei ferskaste sakene vi har skrive om vår kunnskap om iskanten: 

Bli med Randi Ingvaldsen inn i isødet: Ho har sett klimaendringane med eigne auge. I "Havpodden" kan du lære meir om korleis det er å vera på tokt langt nord, og kvifor vi skal bry oss om iskantsona. Foto: Gunnar Sætra/HI