Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk hyse


hyse r web
Anbefalt kvote 2026
153 293
tonn
Anbefalt kvote 2025
106 912
tonn
Avtalt kvote 2025
130 000
tonn

Norsk-russisk råd

Den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, bør fangstane i 2026 ikkje overstige 153 293 tonn.

Historisk bestandsutvikling

ICES vurderer fiskepresset i 2024 til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet i 2025.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2026 (tonn) F 2026 SSB i 2027 (tonn) % endring i SSB* % endring i kvote** % endring i råd***
Forvaltningsplan 153 293 0,35 195 888 +24 +18 +43

* SSB (gytebestand) i 2027 samanlikna med SSB i 2026.

** Fangst i 2026 samanlikna med kvote i 2025 (130 000 tonn).

*** Råd for 2026 samanlikna med råd for 2025 (106 912 tonn).

Ein reknar med at fangst, totalbestand og gytebestand vil auke i dei komande åra.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Årets bestandsvurdering er konsistent med fjorårets.

Saker relevant for rådet

På grunn av at russiske forskarar er suspendert frå ICES, vart bestandsvurderinga, som i 2022-2024, gjort av den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) samansett av forskarar frå VNIRO i Russland og frå Havforskingsinstituttet. Metodikken frå siste ICES metoderevisjon vart brukt.

Dei innkommande årsklassene ser ut til å vere middels eller over middels. Det er viktig at desse ikkje blir utfiska før dei har utnytta vekstpotensialet sitt og bidratt til gytebestanden.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2025: 0,40
Venta gytebestand i 2026:  157 726 tonn

Standardplott

Standarsplott nordaustarktisk hyse
Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.

Les hele rådet: IMR/PINRO-rapport 5-2025