Gå til hovedinnhold

Lab Austevoll

Lab Austevoll

Laboratoriet vårt på Forskingsstasjonen Austevoll har to tilsette og er i tillegg bemanna med ansatte frå fagruppene.

Her har vi ulike spesiallaboratorium:

  • Moderne utstyrt lab for ELISA av steroider og andre hormon. (ELISA står for Enzyme-linked immunosorbent assay og er ein immunkjemisk analysemetode som vi bruker til å måle konsentrasjon av forskjellige hormon i blod, egg og fiskelarver.)
  • Molekylærbiologi-lab for rensing av RNA og DNA, kjønnsbestemming av kveite og gPCR-analyse av genuttrykk.
  • Foto- og videomikroskopiske studier av blant anna kveite, torskefisk, rensefisk, hummar, skjel, svamp og korallar. 
  • Lab for pH-målinger, alkalinitet, spektrofotometri, filtrering, sentrifugering av sjøvassprøver og fôrprøver.
  • Bombekalorimeter som blir brukt til å bestemme energiinnhaldet (joule/gram) i for eksempel blåskjel, føden til blåskjel, lakseegg, algar osv.
  • Lupelab med punktavsug og tilgang til filtrert sjøvatn. Laboratoriet blir bruket til opparbeiding av sjøvassprøver, skjel, larver og liknande, der prøven blir målt, veid, tørka og brent.
  • Kjølerom med temperaturstyring.
  • Algelab for produksjon av mikroalgar. 
  • Algane og andre partiklar blir telt og størrelsen blir berekna ved hjelp av Coulter counter og Pamas partikkelteller.
  • Egen labbrakke for arbeid med formalin.