Gå til hovedinnhold

Organisasjonen


HIs organisasjonskart 2022

HIs organisasjonskart

Havforskingsinstituttet er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa. Hovudverksemda vår er i Bergen, og vi har forskingsstasjonar i Austevoll, Matre og Flødevigen, ei avdeling i Tromsø og eit eige reiarlag som har ansvar for forskingsfartøya våre. Professor Nils Gunnar Kvamstø er vår direktør. 

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.