Gå til hovedinnhold

Postjournal


Katarzyna

Havforskingsinstituttet publiserer offentleg journal i eInnsyn. Bestill innsyn i dokumenta du ønsker å sjå, spørsmålet ditt blir sendt direkte til Havforskingsinstituttet. 

Havforskingsinstituttet sin journal inneheld offentleg informasjon om saker og dokument frå postjournalen vår. Journaldata om personaldokumentasjon og interne notat blir ikkje publiserte. Journalen blir lagt ut fortløpande for allmenta etter registrering og kvalitetssikring av arkivtenesta. Det er berre informasjon om saker/dokument som ligg på offentleg journal. Dokument (innskanna brev og dokument produserte ved HI) kan bestillast direkte via eInnsyn.

Søk i Havforskingsinstituttet sin offentlege journal - eInnsyn 

 

Kva er eInnsyn?

eInnsyn er ein felles publiseringstjeneste for statlege verksemder sine postjournalar.

Verksemdene brukar publiseringsløysinga til å gjere sine eigne postjournalar tilgjengelege på Internett for alle. Dei ulike postjournalane blir deretter samla i ein felles database som blir gjort søkbar for brukarane. Brukarane kan søke etter informasjon gjennom eInnsyn og bestille innsyn i den informasjonen dei finn interessant. Bestillinga blir sendt til den verksemda som er ansvarleg for journaloppføringa. Deretter blir den behandla av verksemda som eit innsynskrav, og brukaren får svar direkte frå verksemda.