Gå til hovedinnhold

Lab Tromsø


eDNA ekstraksjonslab

eDNA ekstraksjonslab

Laboratoriet vårt ligg i Framsenteret sitt nyaste bygg. Eit generelt laboratorium blir brukt til blant anna Mareano-programmet, og vi har fleire mindre spesiallaboratorium som blir brukt av dei ulike faggruppene våre, bl.a. genetikk/dna, oseanografi/COog alderslesing av øyresteinar/otolittar. 

På kailageret har vi sorterings-, skylle- og grovlaboratorium.

Oseanografi og klima

På CO2-laben i Tromsø utfører vi analysar for uorganisk karbon oppløyst i sjøvatn og havis. pH blir målt spektrofotometrisk ved bruk av indikatoren m-cresol, med ein presisjon på ± 0,001 på total pH-skala. Total uorganisk karbon (Ct) blir målt med Vindta-system og coulometrisk titrering (UIC CM5017 med emulation software) med ein presisjon på ± 2µmol/kg. Total alkalinitet (At) i sjøvatn blir målt med Vindta-systemet ved titrering med svak syre (0,1 N HCl), med ein presisjon på ± 1µmol/kg. Havis og ferskare sjøvassprøver blir målt i eit ope titreringssystem ved titrering med svak syre (0,05N HCl), med ein presisjon på ± 1µmol/kg. Data frå dette laboratoriet held ein høg standard og blir blant anna brukt i overvakinga av havforsuringstilstanden i norske fjord- og havområde samt forsking i både Arktis og Antarktis.

Populasjonsgenetikk

For å finne bestandsstruktur hos marine arter bruker vi DNA-analysar (mikrosatellittar, SNP, sekvensering). I tillegg bruker vi metagenomikk for å estimere biodiversitet i det marine miljø (eDNA) og for å artsbestemme byttedyr frå mageinnhald (molekylær diettanalyse).

Djuphavsarter og botnfisk / Sjøpattedyr

Desse faggruppene preparerer prøver for aldersstrukturar, gjer analysar av mageinnhald og førekomstar av makro- og mikroplast med meir. Vi leser av alder på otolittar (øyresteinar), piggar og tenner. Prøvene blir behandla forskjellig avhengig av art, f.eks. farging, brenning av otolittar og saging/innstøyping med epoxy. Otolittane er innsamla frå uer, blåkveite, vassild, kveite – piggar frå pigghå og tenner frå sel.

Bentiske ressursar og prosessar / Sjøpattedyr

Vi utfører diettanalysar frå kongekrabbe, snøkrabbe, sel og kval. Vi opparbeider også prøver for isotopanalysar.

Sjøpattedyr

Prøvetakingsutstyr blir klargjort til DNA-prøvetaking av vågekval frå kommersiell fangst. DNA-prøvene blir sendt til Lab Tromsø for ID-merking, som igjen vidaresender desse til Havforskingsinstituttet i Bergen for DNA-analyse.

Innsendte kystselkjevar frå jakt blir ID-merka og lagra.

Botnsamfunn og kystinteraksjonar

Her utfører vi artsidentifikasjon og veging av botnfaunaprøver og identifisering på video.

Økosystem

Alt av prøver frå sediment til store sjøpattedyr blir preparerte til stabile isotopanalysar.

Kailageret sitt grovlaboratorium

Botnfaunaprøver som kjem til kailageret blir skylte og grovsorterte. Her skyl og analyserer vi også formalinfikserte ovarium/testiklar frå sel og kval. Vi opparbeidar også mage-/tarmprøvar og avføring/feces frå sjøpattedyr.

I tillegg koker, trekker og sager vi av seltenner, og opparbeider og tar prøver frå fleire typar fisk og sjøpattedyr.