Lab Matre

  • HI-043077.jpg

    Karen Anita Kvestad tar røntgenbilder av laks for å avdekke misdannelser i skjelettet og en beinknuser for å teste styrken i skjelettet.

    Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI
  • HI-043064.jpg

    Røntgenbilde av laks.

    Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI

Laboratoriet på Forskingsstasjonen Matre er plassert i fine lokale i forsøkshall 4, som sto ny i 2006. I tillegg har vi ein grovlab/fiskelab med røntgen og teksturanalyser som vart oppgradert og sto ny i 2019. Her har vi fine fasilitetar med god benkeplass og mykje flott utstyr. 

Laboratoriet blir i hovudsak nytta av forskingsgrupper som køyrer forsøk tilknytt forskingsstasjonen, men alle på HI som ønskjer det, kan nytte fasilitetane og få utført analyser på laboratoriet. 

Analyser ved Matre:

  • Røntgen; topp moderne røntgenlab med nytt utstyr av digitalisert røntgen, veldig god oppløysing og raske og effektive bilde-takingar
  • Teksturmåling av for eksempel beinstyrke
  • Blodparameteranalyser av blodplasma: pH, ioner, glukose/laktat, osmolalitet og kortisolnivå (ELISA)
  • Hematokritt/hemoglobinnivå
  • Mikroskop og luper for å undersøke blodutstryk (ploiditet), lus m.m.
  • DNA-ekstraksjon
  • Teljing av lakselus
  • Astaxantin (fargestoff i laksemuskel)
  • Fettinnhald, tørrstoff og aske/mineralrate 


Kontakt laboratorieleiar for analyser som ønskes utført. Det er i hovudsak teknikarar i dei ulike faggruppene våre som utfører analysane på laboratoriet.
 

Les meir om Forskingsstasjonen Matre.