Gå til hovedinnhold

Forskningsstasjonen Tromsø


Framsenteret 31 januar 2018

Havforskingsinstituttet sin avdeling i Tromsø blei etablert i 2003 og har ca. 100 tilsette. Våren 2018 flytta vi til Framsenteret.

Marbank blei ein del av Havforskingsinstituttet i 2012 og er lokalisert i Forskingsparken i Tromsø. I tillegg har instituttet ein feltstasjon i Holmfjord i Finnmark der vi forskar på kyst- og fjordøkologi.

Frå etableringa i 2003 og fram til i dag har avdelinga vokst kraftig. 

Forskarane og teknikarane våre er knytta opp mot fleire ulike faggrupper:

  • Bentiske ressursar og prosessar
  • Botnsamfunn og kystinteraksjonar
  • Djuphavsarter og botnfisk
  • Fiskeridynamikk
  • Populasjonsgenetikk 
  • Sjøpattedyr
  • Sjukdom og smittespreiing
  • Økosystemprosessar
  • Oseanografi og klima

Tre av instituttet sine faggrupper blir leia frå Tromsø:

i tillegg til:

Havforskingsinstituttet er ein del av miljøet i Framsenteret og har ansvar for to av dei fem forskingsflaggskipa:

  • Havforsuring og økosystem i nordlege farvatn (Melissa Chierici)
  • Effektar av klimaendringer på fjord- og kystøkologi i nord (Lis Lindal Jørgensen)

Instituttet er også involvert i flaggskipa Miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON) og Havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk.

HI, avdeling Tromsø er eit bindeledd mot dei andre forskningsmiljøa i Tromsø, blant anna UiT Norges arktiske universitet, Fakultetet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE), Polarinstituttet og NOFIMA. 


Frå den offisielle opninga av lysgården i Framsenteret. Foto: Gunnar Sætra, HI